Hopp til innhold

Førde skal vere hovudbase for drivstoff til Sogn og Fjordane

Circle K AS (tidlegare Statoil Fuel & Retail) som eig statoilstasjonene i Norge, har bestemt seg for å likevel bruke tankanlegget i Førde som langsiktig forsyningsledd for bensin og diesel til kundar og bensinstasjonar i Sogn og Fjordane.

tankbil

KØYRER FRÅ FØRDE: Tankanlegget i Førde skal forsyne Sogn og Fjordane.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Dette vil sikre vidare drift av anlegget, seier Pål Heldaas, som er kommunikasjonsdirektør for Statoilstasjonane.

Frå anlegget i Førde forsyner Circle K statoilstasjonane, Best Stasjonane og ei rekke verksemder i Sogn og Fjordane med drivstoff. Bensin og diesel vert levert med båt, før det vert køyrt ut til kundar og bensinstasjonar med tankbil.

Cirkle K har hatt bruken av anlegget oppe til vurdering i samband med at kontrakten med tidlegare eigar gjekk ut ved årsskifte.

Pål Heldaas

SATSAR PÅ FØRDE: Pål Heldaas er kommunikasjonsdirektør for Statoilstasjonane.

Foto: Per Onsheim / NRK

Vi vurderte ein periode å køyre drivstoffet ut frå Mongstad , men vi har kome til at den beste løysinga er å køyre frå Førde. Det betyr at det vert kortare frakt med tankbil, når drivstoffet skal distribuerast til resten av fylket, seier Heldaas.

Legg ned i Sogndal

Tankanlegget i Sogndal, som vert lagt ned frå årsskifte er eigd av Circle K, og er eit mindre anlegg for lagring og distribusjon av diesel og parafin.

– Kundane kjem ikkje til å merke at anlegget blir lagt ned, einaste forskjellen blir at tankbilane kjem til å hente drivstoffet i Førde og ikkje Sogndal, seier Heldaas.