Hopp til innhold

Førde på god veg til tittelen som seriemeister

Førde Volleyballklubb tok første siger mot Tromsø i kampen om tittelen som seriemeister.

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde

JUBLA FOR SIGER: Mathias Loftesnes kunne juble for første siger i seriefinalen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi spelte ikkje vårt beste spel, men vi klarte å gjere Tromsø sårbare. Tromsø gav aldri opp, så ingen av setta vann vi klart. Det blir tøft i nord, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Førde vann 25-21, 25–22 og 25–22 over motstandar Tromsø i Førdehuset. Stemninga var likevel ikkje heilt på topp i garderoben.

– Det var vel litt letta stemning, men det var mange som kjente på at dei ikkje var nøgd med både eigen og laget sin innsats. Likevel var humøret godt og vi fungerer godt som eit kollektiv, seier Tvinde.

Førde Volleyballklubb har spelt ein av tre kampar mot Tromsø, der den som er best av tre, kan krone seg med tittelen som seriemeister i eliteserien i Norge. Sluttspelet vert avgjort i Tromsø neste helg.

– Vi skal trene godt fram til helga med ein tilnærma skadefri tropp. Eg har god tru på at vi skal ta denne sigeren heim, seier trenaren.

Bleika håret etter førre siger

Publikum kunne merke seg at det var fleire lyslugga spelarar enn vanleg. Det skuldast to ting; hårfarge og spelaren Vitor Macedo.

– Vitor kom til oss då vi låg på femteplass på tabellen. Han sa at om vi kom til seriefinalen, så måtte alle farge håret blondt. Etter sigeren mot Viking har nesten alle bleika håret sitt, seier Tvinde.

Men ikkje trenaren.

– Eg har konfirmasjon i mai, så eg har brukt det som unnskyldning, humrar han.

Aarrestad utmerka seg

Førde opna kampen med Håvard Aarrestad, Anders Røneid, Mathias Loftesnes, Lars Tvinde, Sverre Flåskjær og Vitor Macedo på bana.

– Det var gledeleg med Håvard Arrestad. Dette var den desidert beste kampen han har spelt på lenge. Han er viktig for oss, seier Tvinde.