Hopp til innhold

Førde med ny volleyballsiger

Førde-spelarane fortsetter å samle poeng i finalespelet i Nordic Club Championship. Fredag kveld slo dei Middelfart VK.

Førde VBK jublar over ny siger

JUBLAR: Ein ny siger til Førde etter ein tøff kamp mot Middelfart VK fredag.

Etter ei sterk opning torsdag, var volleyballspelarane frå Førde tydeleg sugne på endå ein siger.

Både Nils Numme og Geir Eithun markerte seg med godt spel, og Førde vann til slutt 3-0 i sett (25-29, 27-25, 27-25).

I går klinka Numme til og stod då bak heile 28 poeng mot Marienlyst.

Under kampen mot Middelfart fredag enda det med totalt 24 poeng og Numme er dermed framleis toppskorar i turneringa.