Hopp til innhold

Førde må punge ut

Førde kommune må betale 17 millionar kroner til ein grunneigar på Hafstad. Det er klart etter at Høgsterett avslo anken frå kommunen, skriv Firda. Det har vore strid i saka i mange år. Rådmann, Ole John Østenstad, seier millionrekninga vil føre til utsetting av andre tiltak i kommunen, men det er førebels ikkje klart kva.