Hopp til innhold

Førde lett vidare i cupen

Det som kunne blitt eit surt tap etter ein nedtur i første sett vart snudd til 3–1 siger for Førde VBK.

Trenar Frank Roger Kalstad i Førde volleyballklubb.

NØGD: Trenar Frank Roger Kalstad er svært godt nøgd med at herrelaget er vidare i NM-cupen.

Foto: Oddleif Løset

Førde sine volleyballherrar møtte Kristiansund i kvartfinalen i NM laurdag ettermiddag. Første sett gjekk ikkje vegen, men trenar Frank Roger Kalstad og spelarane heldt hovudet kaldt og klarte halde fokus.

– Det at vi tapte første sett kunne fort ha gjort til at vi miste fokus og vart ukonsentrerte og stressa. Eg er svært godt nøgd med at dette ikkje skjer, seier Kalstad til NRK.no.

Møtte sterkt lag

Etter fjorårets cuptriumf der Førde vart Norgesmeistrar er det stor spenning knytt til kva laget kan få til i år. I cupen er det berre siger i kvar einaste kamp som gjeld, og Kalstad seier det var eit godt Kristiansund-lag dei møtte i dag.

– Kristiansund har som tradisjon å få med seg fleire dyktige beachvolleyballspelarar når dei skal spele i cupen. Mellom anna Ivar Horrem. Dette gjer at dei stiller med eit spesielt godt lag, seier Kalstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde - Kristiansund

SIGER: Førde slo Kristiansund på bortebane laurdag. Førde-trenaren er godt nøgd med lagarbeidet.

Foto: Yngve Eide

Tek seg opp utover i kampen

Men laget frå Førde let seg ikkje skremme sjølv etter 25–20 tap i første sett. I andre sett var det Førde som igjen var i føringa og vann då knipent 25–23. Dei siste to setta sette laget frå Sunnfjord inn eit ekstra gir og vann 25–19 og 25–16.

– Vi spelar ein svært solid kamp. Vi veit at vi kan vinne dersom vi klarar å ha tunge blokker og gode servar, og det får vi til, seier Kalstad.

Rosar viktig nøkkelspelar

Trenaren er godt nøgd med alle spelarane, men trekk fram Jonas Kvalen som ein viktig nøkkelspelar.

– Han gjer ein kjempejobb som oppleggjar, og gjer resten av laget gode med å gje dei gode arbeidsforhold. Det er viktig, seier Kalstad.

Det han likevel er mest nøgd med etter 3–1 sigeren i dag er at laget ikkje dett saman og let førstesettet øydelegge. Før har ein dårleg start på kampane ofte gjort til at laget har mist fokus, men Kalstad seier dei no har kome seg vidare.

– Vi har fokus på det som skjer her og no, den ballen vi har i spel. Sjølv om vi får ein i trynet, så held vi trykket oppe og held fram med det spelet vi har planlagt. Då vinn vi, slik som i dag, seier Kalstad.