Hopp til innhold

Han blir Førde sin fjerde nye spelar

Førde Fotball har mista seks sentrale spelarar frå fjorårssesongen. Maid Memic (22) klubben sin fjerde nye spelar før seriestart.

Maid Memic

MÅLTJUV: Maid Memic (i midten) har utmerka seg som ein målhungrig spelar for Voss. No er han klar for Førde.

Den tidlegare Voss-spelaren har etter det NRK.no kjenner til signert avtalen som gjer han til nyaste tilskott i spelarstallen til trenar Knut Erik Folland.

Memic har dei tre siste sesongane scora 33 mål for Voss. Fire av desse på dei seks kampane han spelte for hordalandsklubben i fjor.

– Han har stor løpskraft, er duellsterk og scorar mykje mål. Han er ein fantastisk type som vi fall for med det same, summerer opp Folland.

Kjem 16. mai

Memic er permanent Førde spelar frå i dag, men på grunn av studiane vil han ikkje slutte seg til 2. divisjonsklubben før 16. mai når han tek ferie frå studiane i USA. Memic skal attende til USA for å halde fram studiane.

Sportsleg leiar Odd Hagen seier avtalen i første omgang går ut sesongen.

– Dette er ein spelar trenarapparatet vårt har sett på i fleire år, og som vi har vore i kontakt med tidlegare, som no endeleg er på plass, seier Hagen.

Trena med Sogndal

Knut Erik Folland

NØGD: Førde-trenar Knut Erik Folland har lenge ynskt seg Maid Memic i spelarstallen. No er ynsket oppfylt.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Memic er opphavleg frå Kozarac i Bosnia, og har siste åra også utmerka seg som ein av dei beste spelarane i amerikansk collegefotball.

I 2010 trena han ein periode med Sogndal.

– Han har lyst til å prøve seg på dette nivået, og har sett at vi klarer å foredle spelarar som ikkje er heilt klar for øvste nivå. Han ser på oss som ein utviklingsarena og ynskjer seg til Førde, seier Folland.

Seks ut – fire inn

– Vi har mista seks spelarar som var faste førre sesong. Mellom andre Kristian Fardal Opseth og Christoffer Hafsås som saman representerte 25 mål. Difor ynskjer vi å styrke oss offensivt, seier Folland.

Frå før har Førde også signert Alexander Stockinger, Matias Fjeldal Olsen (Danmark) og Ante Knezovic (Kroatia).

– Med den siste signeringa no, så er vi nøgde med stallen, seier Hagen.