Hopp til innhold

Førde går mot nedrykk, men trenaren sit trygt

FØRDE (NRK): Førde ligg på nest siste plass på tabellen, berre eit poeng framfor jumboplass. Styreleiar Leif Arne Åsen seier likevel at trenar Julian Madsen har tillit frå styret.

Julian Madsen

HAR IKKJE LEVERT: Julian Madsen kom frå ei assistenttrenarstilling i Bodø/Glimt før sesongen, men har ikkje levert som Førde-trenar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har ikkje nokon grunn til å ha mistillit til han, seier Åsen.

Julian Madsen tok over Førde sitt A-lag i andredivisjon før sesongen i år, og vart skildra som eit friskt pust og eit lovande trenartalent. Når fasiten etter sesongen no nærmar seg ser det altså ikkje bra ut i det heile.

Leif Arne Åsen

IKKJE NØGD: Leif Arne Åsen er ikkje nøgd med det Førde har prestert, men seier at han ikkje vil byte trenar i klubben

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Har ikkje teke poeng sidan juni

Førde har ti poeng på 15 kampar, og har ikkje teke poeng sidan midten av juni, men Åsen hevdar at trenarbyte ikkje er tema i styret.

Les også: Brann knuste Sogn og Fjordane

– Vi kjenner jo på det no at dette er ikkje kjekt det her, men då må alle vere med framover og bidra og løfte blikket framover for å riste av oss det her seier Åsen.

Førdelaget opplevde ei av tidenes sportslege suksessar tidlegare i år då dei slo Brann ut av cupen i Hafstadparken i Førde. kontrasten til dagens botnplassering er stor.

– A-laget er jo faneberarane i klubben vår, dei har eit resultatfokus på seg, så det er viktig at vi finn ut korleis vi kan rette opp i det her.

Førde

FOLKEFEST: 3000 publikummarar og folkefest i Hafstadparken i Førde i april i år verkar svært langt unna

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Sju lag rykkjer ned

Det er i år heile sju lag som rykkjer ned ifrå avdelinga til Førde i andredivisjon, og klubben frå Sunnfjord har for tida ti poeng opp til ei trygg plassering på tabellen. trenar Julian Madsen

Les også: Han køyrer Førde-spelarane hardt

– Det er ingen av oss som er fornøgde med det laget har prestert i det siste, så eg trur at alle involverte er veldig motiverte til å klare å snu det her, seier Madsen.

Madsen er klar på at han meiner at laget hans er godt nok til å gjere det mykje betre, og det ikkje er naudsynt med mange spelarkjøp for å snu utviklinga. Han trur svaret ligg meir i hovudet på spelarane.

Førde

LIGG AN TIL NEDRYKK: Førde har dei siste sesongane stabilisert seg i andredivisjon, men no går det mot retur til tredje

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Er fornøgd med innsatsen til spelarane

– Fotball handlar veldig mykje om det mentale. Når ein går ifrå smell til smell kvar helg, skjer det noko med tankesettet, seier førdetrenaren.

Han vil likevel ikkje gå med på at spelarane ikkje gjer sitt beste.

– Det har eigentleg aldri gått på innsatsen. Eg trur det er andre faktorar som spelar inn her, seier Madsen.