Hopp til innhold

Førde-damene vidare i cupen

Damelaget til Førde VBK er vidare i NM-cupen. Med det er det klart det blir semifinalar for både dame og herrelaget.

Førde Volleyball sitt damelag

VIDARE: Mathias Haug og Førde VBK sitt damelag er vidare i NM-cupen. Biletet er frå ein kamp i serien.

Foto: Rune Fossum (MMS) / NRK

Førde sine volleyballdamer vann 3–1 over Koll i kvartfinalen i NM-cupen laurdag.

Etter to sett der Førde hadde full kontroll, var det Koll som vann tredje sett. Men Førde hadde ikkje tenkt å gje frå seg sigeren og sikra siger med 25–18 i siste settet.

Trenar Mathias Haug er full av lovord om prestasjonen til jentene.

– Dette er klart årsbeste, seier Haug.

Han vil ikkje trekkje fram enkeltspelarar, og meiner kollektivet fungerte.

– Vi fungerer som eit lag og klarar å spele på den måten vi veit at vi kan når vi er på vårt beste, seier Haug.

Også herrelaget til Førde VBK er klare for semifinalen i cupen etter siger over Kristiansund tidlegare i dag.

For herrelaget heldt sigersrekkja heilt inn sist, medan dame rauk ut i nettopp semifinalen. Haug håpar det kan bli annleis i år.

– Det er veldig kjekt å gå vidare i cupen, og det er klart vi har lyst på ein finale.