Hopp til innhold

Forbyr hopping frå Hoven i over tre veker

Politiet innfører no eit midlertidig forbod mot all hopping frå fjellet Hoven i Loen. Søndag omkom ei 20 år gammal kvinne i ei speedglider-ulukke.

Paragliderulukke ved Hoven Loen

ULUKKESSTADEN: Speedglidaren fall ned like nedanfor den øvste masta (raud ring). Restauranten ligg til venstre for masta.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ulukka skjedde då skjermen hennar kom borti kabelen på gondolbana som går opp på fjellet Hoven.

– Bakgrunnen er den tragiske ulukka der ein person omkom. Vi ønskjer å finne ut om det er forhold på staden som tilseier at hopping ikkje bør skje, seier lensmann Tormod Hvattum i Nordfjord til NRK.

Forbodet varer til 27. mai bli og gjeld all luftsportsaktivitet ved Loen Skylift i Stryn kommune.

Ulukka skjedde då kvinna trefte vaieren til gondolbana. Her blei ho hengande fast og deretter ho falle 60–70 meter ned på ei fjellhylle. Politiet etterforskar ulukka og har gjort avhøyr. Mellom anna skal skjermen undersøkjast for å finne ut om det var noko feil med han.

– Vi skal også vurdere forholda på staden som utspringspunktet. Vi skal også sjekke skjermen saman med folk får luftsportsforbundet, seier han.

Etter at gondolbana kom, er dette blitt den mest populære staden å flyge speedglider frå i Noreg. Sidan bana opna er det registrert 7000 turar frå toppen. Ein speedglider er ein mindre og raskare versjon av den meir kjende paraglideren.

Kritisk til forbod

Noregs Luftsportsforbund er kritiske til at politiet legg ned eit forbod mot hopping.

– Ulukka i helga kunne skjedd kor som helst, så vi forstår ikkje kvifor politiet legg ned eit forbod, seier fagsjef i forbundet, Trond Nilsen.

Nilsen håpte politiet skulle unngå eit forbod, men ser likevel kvifor dei no gjer det.

– Vi synest forbodet er forhasta. Eg ser at det vil gi arbeidsro til å gå gjennom saka, men vi føler ikkje at ulukka er relatert til starten på fjellet.

Dagleg leiar Richard Grov i Hoven Loen sa tidlegare i veka at dei mellom anna vil sjå på om startpunktet ligg for nær gondolbana.

– Det kan vere noko vi skal diskutere, men det er ikkje sikkert det vil gjere at vi unngår ulukker i framtida. Det kan hende at stader lengre vekke kan utgjere andre og større farar, så dette må vere ei vurdering i eit totalbilete.