Hopp til innhold

Vil endre «loot-boksane» i spel: – Same som gambling

Spelselskap tener milliardar på digitale «forundringspakkar», men Forbrukarrådet kallar marknadsføringa manipulerande, misvisande og aggressiv. No vil dei ha regulering.

E-sportelev Marcus Mikal Magnesen (20) viser hvordan loot bokser i League of Legends fungerer

SPEL: E-sportselev Marcus Mikal Magnesen har tidlegare vist korleis loot-boksar i League of Legends fungerer.

Foto: Mats Arnesen / NRK Hordaland

Transaksjonar inne i spel blir meir og meir vanleg, og Forbrukarrådet åtvarar no mot dyre digitale forundringspakkar, kalla loot-boksar.

– Loot-boksar har vore ei kjelde til mange kontroversar opp igjennom åra, og det med rette, seier Thomas Iversen, juridisk seniorrådgjevar i Forbrukarrådet Thomas Iversen, i ei pressemelding.

No er dei små digitale boksane atter ein gong i søkelyset. Forbrukarrådet har publisert ein ny rapport som tar føre seg nettopp desse.

Det har fått fleire forbrukarorganisasjonar til å krevja endring i spelselskapa.

Loot box

FORUNDRINGSPAKKAR: Når er du kjøpar ein loot-boks i spel veit du ikkje kva du får for pengane.

Foto: Markus Vangen / NRK

– Anar ikkje kva du betalar for

Ifølge rapporten er loot-boksar forma ut for å skapa avhengigheit og profittera på sårbare forbrukargrupper.

– Når du kjøpar ein loot-boks, har du inga aning om kva du faktisk betalar for. Forbrukarane blir manipulert til å bruka store summar gjennom aggressiv marknadsføring, eller misvisande sannsyn, seier Iversen.

Thomas Iversen

KONTROVERSIELLE: Thomas Iversen i Forbrukarrådet meiner det er god grunn til at dei har vore diskutert i årevis.

Foto: Forbrukerrådet

Spelindustrien er ein av dei største underhaldningsindustriane i verda, og omsetjar for meir pengar enn både film og musikk.

I dei siste to tiåra har sal inne i spelet blitt ei mykje større kjelde til inntekt.

I 2020 tente selskapa rundt 150 milliardar kroner globalt på kjøp inne i spel åleine.

For den prisen kunne ein bygd Sotrabrua 15 gonger, eller kjøpt 400.000 splitter nye Volkswagen Golf.

Iversen meiner at marknaden må regulerast.

– Basert på storleiken til marknaden meiner me at regulering og oppfølging av denne bransjen bør vera høgt på agendaen for nasjonale styresmakter og EU, seier Iversen.

Les også Spillselskap gir opp – stopper salg av belønningspakker i Belgia

– Gambling

Rune Mentzoni er førsteamanuensis i utviklingspsykologi på Universitetet i Bergen.

I 2018 hadde han eit forskingsprosjekt der han brukte 30.000 kroner på Fifa 18, for å kjøpa det ultimate laget, som ein må gjera ved hjelp av nettopp loot-boksar.

For den summen fekk han om lag ein tredel av det optimale laget. Med andre ord måtte han ha brukt 100.000 kroner på loot-boksar på Fifa 18 for å få det best moglege laget.

– Og Fifa kjem ut kvart år, legg Mentzoni til.

– Kva er forskjellen på loot-boksar og gambling?

– Eg syns ikkje det er nokon forskjell på det. Du må ha ein innsats, det må skje ein trekning som er tilfeldig, og du må ha ein premie som er ein økonomisk eller materiell verdi, seier Mentzoni.

FIFA loot boxes

FIFA: Loot-boksar i Fifa 18.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Andre studiar Mentzoni har gjort har vist at det er ein samanheng mellom pengespel og loot-boksar.

Han meiner rapporten er eit steg i riktig retning.

– Det er noko eg har etterlyst lenge, utan at det har skjedd så mykje. Det er nok ei stund før det skjer endringar, men det er eit riktig steg, seier Mentzoni.

Rune Mentzoni, UiB

GAMBLING: Førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Rune Mentzoni, samanliknar kjøp av loot-boksar med å gamble.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Vil sikra seg internasjonale avtalar

Men ein forhasta regulering kan kosta meir enn det smakar, meiner Frank Willy Djuvik, styreleiar i Vestland E-sport.

– Vi må sikra internasjonale avtalar, sånn at det ikkje gjeld berre Noreg. Det kan føre til at norske spelarar ikkje får tilgang på spel, seier Djuvik.

Frank Willy Djuvik

MÅ SIKRE AVTALAR: Styreleiar i Vestland e-sport, Frank Willy Djuvik, fryktar forhasta regulering.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

Han legg til at det er ein markant forskjell på mikrotransaksjonar og loot-boksar, i og med at ein ikkje veit kva ein får i sistnemnde.

Eit døme på mikrotransaksjon er når ein betalar for å endre utsjåande til spelfiguren.

– Eit spel kostar fort fleire milliardar kroner å utvikla, og hadde ein basert seg på at alle skulle kjøpa spelet, hadde det blitt veldig dyrt. Når ein har mindre transaksjonar som ein del av spelet, så har fleire moglegheita til å spele, seier Djuvik.

E-sportsforbundet skal møtast denne veka for å diskutera rapporten til Forbrukarrådet.