Førar stakk frå bilulukke

Alle naudetatane rykte like før klokka 04 ut på ei melding om ein bil som hadde hamna på taket i Ølve i Kvinnherad. Bilen låg på taket inn mot ein skråning. Vitne hadde observert føraren av bilen, ein mann, springa frå staden. – No driv me søk etter mannen. Alt tyder på at det kun er førar som var involvert, seier operasjonsleiar Tore Andre Brakstad.