Hopp til innhold

Førar skadd etter kollisjon med vogntoghengar

Ein person er skadd og sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke på riksveg 55 mellom Hella og Leikanger.

Uhell mellom Leikanger og Hella

Operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser til NRK.no klokka 10.20 at ein personbil har kollidert med hengaren på eit vogntog. Ulukka vart meldt klokka 10.05 og alle naudetatane vart sende til staden.

Personbilen har køyrt inn i hengaren på vogntoget i det dei møttest på den smale fylkesvegen, og hamna deretter i fjellveggen.

Det var to personar i personbilen, medan føraren av vogntoget var åleine i bilen.

Politiet opplyser på Twitter klokka 10.26 at ein av dei tre skal vere skadd. Dette skal vere føraren av personbilen. Vedkommande klagar på smerter i hovudet, men omfanget er elles uvisst, får NRK opplyst ved operasjonssentralen.

Personen blir frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

Hendinga har ifølgje politiet skjedd mellom Leikanger og Hella, på det smalaste partiet ikkje langt frå ferjekaien på Hella.

Vegvesenet melde først at vegen var stengd på staden, men klokka 10.35 melder politiet at det er passering for mindre køyretøy på staden. Bilberging er på veg.