Hopp til innhold

Førar sendt til lege for sjekk etter utforkøyring

Ein 28 år gamal mann er send til legevakta etter at ein semitrailer natt til tysdag køyrde av vegen på E39 ved Svidal i Jølster.

Semitrailer utfor vegen på E39 i Jølster

UTFOR VEGEN: Semitraileren står berre meter frå Jølstravatnet etter at sjåføren fekk problem på det glatte føret.

– Køyretøyet står i autovernet ned mot Jølstravatnet. Det har truleg fått sleng på det glatte føret og hamna utfor vegen, seier Øystein Ellingvåg frå Førde lensmannskontor som er på ulukkesstaden i morgontimane.

Like før klokka 09 kom den andre av to bergingsbilar til staden. Politiet dirigerer framleis trafikken på E39 forbi, medan bergingsbilane jobbar med å få fjerna semitraileren.

Melde om glatte vegar

Skal du ut på vegane i Sogn og Fjordane tysdag morgon bør du vere ekstra på vakt, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen tidleg tysdag morgon.

Ved inngangen til det nye året har vêret veksla mellom plussgrader og minusgrader, og tysdag morgon skapar regn, minusgrader og ei svært kald vegbane trøbbel for dei vegfarande.

Vegtrafikksentralen i Bergen melder om at det er svært glatt på vegane i fylket. Alt av tilgjengeleg mannskap er sendt ut for å strø og salte.

Rapporterte om såpeglatt veg

På E39 i Jølster skal det i 7.15-tida vere greie forhold, fortel Ellingvåg i politiet. Men då uhellet skjedde har det truleg vore svært glatt vegbane. Brannvesenet har rapportert om såpeglatt veg med eit islag oppå vegen då dei kom til staden.

– Det er nærliggande å tru at føret har vore ein faktor i trafikkuhellet, seier Ellingvåg som seier politiet vil snakke med sjåføren seinare i dag.

Det var ingen andre køyretøy involvert. Semitraileren står no med førarhytta vrengt vekk frå autovernet. Uhellet har skjedd like ved oppkøyringa til Svidalen, der det er busstopp på begge sider av vegen.

– Han har kome i retning nordover. Slik køyretøyet står no, står det berre nokre meter frå vatnet, seier Ellingvåg.

Førarhytta har fått ein del skader, men ikkje der føraren sit, opplyser politiet.

Det har vore noko diesellekkasje på staden, men den har brannvesenet teke hand om.

Trafikken blir like før klokka 09 framleis dirigert forbi staden, men det er ikkje stengt. Det kan bli heilt stengt på staden i samband med bilberging.

Svidalen