– Dette er mellom dei aller vanskelegaste prosjekta vi har her i region Vest, seier Olav Lofthus i Statens vegvesen.
Saman med Cecilie Bjørlykke i Jernbanedirektoratet har han nettopp rulla ut eit over meter langt kart og lagt det på bordet mellom seg. Halvtjukke strekar i forskjellige fargar svingar seg frå Arna til Stanghelle og syner dei ulike skissene det vert jobba med.
Planlegginga av ny europaveg og jernbane på strekninga er mellom dei viktigaste og mest etterlengta samferdsleprosjekta på Vestlandet.
Ikkje plass til vegkryss
Men mellom dei bratte fjellsidene langs Sørfjorden er det trongt med plass.
For nye E16 er det rett og slett for trongt.
– Vi slit med å finna lange nok dagsoner der vi kan plassere vegkryssa. Vi er nøydde til å ha 1000 meter lang strekning i dagen. Det finst kanskje berre i Sædalen over Vaksdal, forklarer Lofthus.
Det er svært viktig at bygdene langs dagens rasutsette E16-trasé kan kopla seg på ny europaveg på ein god måte. Men mangel på opent terreng kan gjera det umogleg å bygga ein ny E16.
– Viss me skal legga vegnormalen til grunn, så er det eigentleg ikkje mogleg å bygga ny veg her, seier Lofthus.
Har søkt Vegdirektoratet om lov
Løysinga til fagfolka er å legga vegkryssa inn i fjellet. Men det krev at ein får lov av Vegdirektoratet.
Prosjektleiinga har sendt ein søknad til direktoratet der dei ber om å få avvika frå vegnormalen.
– Vi må finna spesielle løysingar for denne strekninga. Vi er avhengige av eit løyve frå Vegdirektoratet å få om vi skal få til dette, seier Lofthus.
Nokre av dei skissene som dei har presentert for direktoratet, liknar på rundkøyringane i tunnelane på begge sider av Hardangerbrua. For jernbanen sin del er ein komen langt nærare ei løysing, fortel Cecilie Bjørlykke i Jernbanedirektoratet.
– Mest truleg blir det to lange tunnelar mellom Arna og Stanghelle, med ein stasjon i dagen i Vaksdal der Coop Prix ligg i dag.
Nytt prisoverslag
Nyleg vart det kjent at byggestart på prosjektet er blitt utsett i kommande nasjonal transportplan. Det skapte sterke reaksjonar, og siste ord er garantert ikkje sagt før endeleg NTP vert lagt fram i neste veke.
Fagfolka ynskjer ikkje å blanda seg inn i debatten, men presiserer at prisanslaget på i overkant av 20 milliardar kroner for både bane og veg er høgst usikkert.
– Eit sikrare prisanslag er vi først klare med når vi veit kva vi får lov til å bygge av Vegdirektoratet. Det må vi lov til å komme tilbake til, avsluttar Olav Lofthus.
Når Vegdirektoratet er ferdig med behandlinga av søknaden er ikkje kjent.