Hopp til innhold

Før pandemien levde dei av turisme – no skal dei rydde norskekysten

Utan turistar forsvann store delar av inntekta til dykkarselskapet. No skal dei livnære seg på søppel. I 2021 vert det brukt 100 millionar på å rydde strender.

Gulen Dive Resort

RYDDESTASJON: Dykkarselskapet har fått på plass ein ryddestasjon under vatn som dykkarane sorterer søppel i. – Vi tømmer dunkane med jamne mellomrom, fortel Ørjan Sandnes, leiar i Gulen Dive Resort.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For første gong er eit nasjonalt ryddeprogram på plass for å få bukt med plast og søppel langs Noreg si lange kystlinje.

Vestland er blant dei tre første fylka på lista, i selskap med Nordland og Trøndelag.

Gulen Dive Resort ein av fem aktørar som har fått jobben med å rydde kysten rein.

Det var ikkje dette dei pleidde å drive med.

– Normalt tek vi turistar med på dykking i vestlandske fjordar, men det er ikkje dei store turiststraumane i desse dagar. Då er det flott å kunne bruke tida på å rydde fjordområde vi vanlegvis lever av, seier leiar Ørjan Sandnes.

– Vi treng ein nasjonal plaststrategi, slo WWF fast i oktober.

Sunnfjord Folkehøgskule på strandrydding på øyane utanfor Florø.

EITT TONN: Sunnfjord folkehøgskule samla eitt tonn plast i ei vik utanfor Florø tidlegare i haust, då dei var med Fjordane Friluftsråd på rydding.

Foto: Sunniva Hestenes / NRK

Over 100 millionar

Mari Kristin Martinsen i Handelens Miljøfond er ansvarleg for programmet som har fått namnet «Rydd Noreg».

Berre i 2021 skal dei bruke meir enn 100 millionar på programmet.

Det er første gong det blir gått strukturert til verks for å fjerne avfall frå strender og fjøresteinar, fortel Martinsen.

– No skal vi ta eit krafttak saman med dei for å få fjerna plasten heilt. Områda har sårbar natur og dyreliv og er ofte ikkje lett tilgjengelege. Derfor treng vi også proffe ryddarar.

Johannes Bolstad er koordinator i Fjordane Friluftsråd. Det er behov for at profesjonelle strandryddarar kjem seg ut oftare, seier han.

– Mange stader er vanskelege å kome til på, og utfordrande å rydde. Om vinteren er det særleg krevjande. Frivillige gjer ein fantastisk innsats, men det er ikkje nok.

Også dei skal vere med på ryddeprogrammet.

Lanserer bedriftspakke

Denne februardagen er Bolstad og kollega Jon Meiholt på Sandøyna, ytst på Bulandet i havgapet. Takka vere havstraumane samlar det seg store mengder søppel og plast i moloen på øya.

Vêr, vind, få fastbuande og utfordrande tilkomst gjer at det likevel er sjeldan det blir rydda her.

– Vi skulle eigentleg ha med oss fleire ut i dag, men landa på at det ikkje var forsvarleg, seier dei.

Jon Meiholt og Johannes Bolstad strandryddar på Sandøyna, Bulandet.

FLEIRE SEKKAR: Jon Meiholt (t.v.) og Johannes Bolstad strandryddar på Sandøyna ytst i havgapet.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Fjordane Friluftsråd har lansert ein eigen strandryddepakke for bedrifter som vil vere med å ta i eit tak på kysten.

– Gjennom strandryddepakka betalar bedrifter ein viss sum i året, og så får dei tilsette bruke ein dag i naturen saman med oss. Då blir det både rydding og andre aktivitetar, fortel Meiholt.

Dei håpar inntektene kan generere nok til at dei sjølve kjem seg ut i krevjande ryddeområde, også på vinterstid.

Og det er nok søppel å ta av. Dykkarane i Gulen fortel at tilstanden er lik under havoverflata.

– Vi reiser vanlegvis mellom ni ulike kommunar for å dykke, og har sett mykje søppel. Område som ser reine ut på avstand er som regel ikkje det når vi kjem nærare. No ser vi fram til å få bort søppelet, seier Sandnes.

Gulen Dive Resort

BYTER BEITE: Ørjan Sandnes og Monica Bakkeli i Gulen Dive Resort driv vanlegvis med turisme.

Foto: Privat