I morgon skal utvalet møtast for å avgjere det endelege opplæringstilbodet for neste år. Sjølv om ein treng tre nye klasser, er det likevel gjort framlegg om å kutte fire klasser i Sogn og Fjordane.
Dramatisk utvikling
Det er ei dramatisk utvikling, men etter krav frå regjeringa om å bruke mindre pengar, er dette einaste utvegen, seier leiar for opplæringsutvalet, Knut M. Olsen. Han seier at han ikkje ser fram til å vere med på å avgjere kor det skal kuttast, men fleire skuleplassar må vekk.