Hopp til innhold

Valde naboen sin hage som toalett

Politiet har hatt litt av kvart å hanskast med i natt. Som vanleg står rus i sentrum, og i sentrum av Sogndal fekk ein som bur nær ein serveringsstad nok.

Klokka 03.02, i tida då utestadane stengjer, hadde nokre personar anten gløymd å gå på toalettet før dei forlèt utestaden, droppa dokøen, eller tima væskeinntaket så dårleg at det plutseleg pressa på.

Naboen til utestaden fekk unngjelde, og kunne observere personar som urinerte i hagen hans. Det likte han dårleg, og ringde politiet. Då lovens lange arm kom til staden, var det «roleg på staden», ifølgje Twitter-kontoen til politiet.

Tidlegare på kvelden rykte politiet i Sogndal ut for å ta seg av ein rusa person som laga bråk i sentrum, men bråkmakaren var vekke då politiet kom fram.

I Førde var det også roleg på staden, då politiet kom fram til ein privatfest på Hornnes etter melding om ubudde gjester.

Ein overstadig rusa mann i 30-åra vart sett i arrest i Florø, etter at han nekta å fortelje politiet kven han var. Han vart sittande til han vart edru, og blir politimeld for å ha nekta å oppgje namnet sitt.

Politiet i kystbyen måtte også vekke ein rusa person som låg og sov på Evja. Då dei vekte vedkommande gjekk han frå staden på eiga hand.

Laster Twitter-innhold