Hopp til innhold

For halvparten kom forstadia til kreft tilbake

Halvparten av kvinnene som deltok i ei vellukka behandling med hormonspiral ved Universitetet i Tromsø, har no fått celleforandringar i livmora tilbake. Forskar og gynekolog meiner forsking på livmorkreft blir neglisjert.

Jone Trovik

FORSKAR FOR LITE: Professor og forskar ved Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen meiner kreft i livmora går under radaren i forskingsarbeidet. – Her trengst meir forsking for å kunna plukka ut dei som er i særleg risikosone.

Foto: Sigrid Grøm Bakken / NRK

I 2012 fann forskarar ved Universitetet i Tromsø ei vellukka behandling som kan stoppa livmorkreft. Behandling med hormonspiral bremsa farlege celleforandringar i livmora, som er forstadiumet til vondarta svulstar. 170 kvinner deltok i forskingsprosjektet og oppdaginga gjekk verda rundt.

Men etter at behandlinga er over viser det seg at celleforandringane har kome tilbake hos halvparten av kvinnene – både hjå dei som fekk behandling ved bruk av hormontablettar og hormonspiral.

– Aldri før har ein bevist at forstadium til livmorkreft er kronisk. Behandlinga må ikkje stogga, for forstadia til kreften kjem tilbake, seier Ørbo til universitetsnettstaden.

– Blir for lite forska på

Professor og forskar ved Universitetet i Bergen Jone Trovik meiner livmorkreft vert gjeve for lite merksemd.

– Denne krefttypen er ikkje tilstrekkeleg forska på. Sjølv om sjukdomen kan kurerast ved operasjon, så er det ein ikkje ubetydeleg del som får tilbakefall med risiko for å døy. I vår forskingsgruppe jobbar me for å finna dei farlegaste formene for underlivskreft, seier Trovik.

Trovik er leiar for Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe og var inntil i fjor leiar i Norsk gynekologiske foreining.

Bør bruka spiral livet ut

Ho meiner det trengst meir forsking for å kunna plukka ut pasientane som er i særleg fare, særskilt overvektige kvinner, og for å kunna gje pasientane ei god nok behandling slik at ein unngår tilbakefall.

– Hormonspiral har mange gode effektar, og me var glade for å visa at det også kunne førebyggja utvikling frå tidlege forstadium. Men når pasientane er utan behandling og har fått forstadia tilbake, så treng dei meir behandling.

Som forskarane i Tromsø, meiner Trovik at kvinner i faresona bør bruka spiral frå dei er fylte 45 år.

– Forskarane i Tromsø har føreslege at pasientane skal bruke hormonspiral over ein lengre periode. Det støttar eg, seier Trovik.