Hopp til innhold

For første gong er norskdyrka aprikosar i norske butikkar

LÆRDAL/SOGNDAL (NRK): I Lærdal har Kari Sigrun Lysne klart noko ingen i Noreg har klart før. Ho har dyrka aprikosar som vert selde i butikk.

Norskdyrka aprikos Meny Sogndal

I BUTIKK: Meny-butikken i Sogndal sel norskdyrka aprikosar. Det har aldri skjedd i norske butikkar før.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Fruktbonden fortel at responsen på aprikosane har vore over all forventning.

– Det har eigentleg tatt heilt av. Det har vorte mykje betre og større respons enn vi på noko tidspunkt kunne sjå føre oss at det skulle bli, seier ho.

Kari Sigrun Lysne

SUKSESS: Fruktbonde Kari Sigrun Lysne har fått god respons på aprikosane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg får tekstmeldingar frå folk som har vore eins ærend på Meny i Sogndal for å kjøpe aprikos.

Lysne har ei mogleg forklaring på kvifor dei lokaldyrka aprikosane har vorte så populære.

– Det er litt eksotisk, det er noko nytt og annleis. Og så er det god smak, seier ho.

Første i Noreg

Norskdyrka aprikosar har aldri blitt selde i butikk på denne måten. Lysne synest det er kjekt å vere den første som har fått det til.

– No er eg for all del ikkje åleine om dette. Vi har med heile Lærdal Grønt, og vi er ei gruppe som står bak. Men det er kjempemoro, seier Lysne.

– Kvifor har de lukkast akkurat i år?

– For det første har vi fått mykje avling, men vi lurer jo på kvifor vi har fått så mykje i år. Grunnen kan vere både sommaren i fjor og våren i år. Ein annan ting eg har tenkt på er at trea kanskje må vere nokre år gamle før dei byrjar å bere.

– Eit eventyr

På Meny-butikken i Sogndal har den siste forsyninga med aprikosar for i år kome inn. Butikksjef Nils Olav Øy seier aprikosane har vore eit svært populært tilbod.

Nils Olav Øy

KUNDANE VRIMLAR: Butikksjef Nils Olav Øy fortel at dei norskdyrka aprikosane er populære hjå kundane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det har vore eit eventyr. Heilt frå den første korga vi fekk inn. Når eg står og fyller på vrimlar kundane rundt meg, seier han.

Kundane er òg godt fornøgde med å ha fått smake på aprikosar frå nabokommunen.

– Eg har veldig tru på alt som kjem frå Lærdal, og aprikosar likar eg veldig godt, seier Ingrid Kryvi.

– Eg var nysgjerrig på korleis dei smakte, og dei var knallgode. Det er flott at lærdølane alltid utviklar nye produkt, seier Geir Henning Høyheim.