Kampen om sjukepleiarar er knallhard, og særleg i distrikta knivast kommunane.
Ein av desse er vesle Lærdal i Sogn. Her grev dei djupt i kommunekassa for å rekruttere varme hender. Kommunen gir til no 30.000 kroner i bonus til sjukepleiarar som blir verande i minst to år.
Det har fungert fint for Lærdal, som også lokkar til seg operasjonssjukepleiarar til sjukehuset i bygda med ein «signeringsbonus» på 100.000 kr.
Problemet er berre at andre også har oppdaga «gulloppskrifta», og tek det eitt steg vidare. No blar nabokommunar opp 50.000 kroner i bonus. Det gjer til at Lærdal no vurderer å gjere det same.
Ordførar Audun Mo ser at pengar er det lokkemiddelet som fungerer best, men er uroleg for «kannibalisme» mellom kommunane.
KAMP: Lærdal ser at det fungerer å opne opp lommeboka. Men særleg berekraftig er det ikkje, vedgår ordførar Audun Mo.
Foto: VERI Media– Vi bør einast om å ha like støtteordningar slik at vi ikkje overbyr kvarandre. Vi kan ikkje halde på med det i lengda. Det gagnar ingen, seier Mo.
Totalt er det ein manko på nær 7000 sjukepleiarar i Noreg. Fleire hundre norske kommunar seier i ei undersøking at det er «svært vanskeleg» å få tak i nok sjukepleiarar.
– Den som betalar mest, får ofte flest
Trygve Skjerdal er ordførar i Aurland, ein annan liten sognekommune med skrikande behov for helsepersonell. Her gir dei nyrekrutterte sjukepleiarar 50.000 kroner i bonus dei to første åra.
Skjerdal er samd med ordførarkollegaen om at kommunane må prøve å samarbeide.
– Men den dagen vi står der utan arbeidskraft, så blir vi innhenta av realiteten.
Hilmar Høl som sit med ordførarkjeda i Årdal, er samd i at det blir ein kannibalisme blant kommunane.
– Den som betalar mest, får ofte flest, seier han.
Men i hans kommune har dei ikkje delt ut bonus av noko slag.
Ei undersøking frå 2018 synte at 165 kommunar hadde sett i verk tiltak for å rekruttere nye sjukepleiarar.
Høyanger er blant dei. Her gir dei 150.000 kroner til sjukepleiarstudentar dersom dei kjem heim etter studiane. Men det har fungert dårleg.
– Så langt er det berre ein person som har «bete på», seier ordførar Petter Sortland.
– Løn betyr mykje, men ikkje alt
Langt frå bekymra ordførarar, finn vi sjukepleiar Tonje Systad i fjøsen sin i Lavik i Høyanger kommune. Ho skal snart på jobb i heimesjukepleia i nabokommunen Hyllestad.
MÅ VISE SEG FRAM: Sjukepleiar Tonje Systad meiner kommunane må syne fram alt dei kan tilby, og ikkje berre vifte med pengar når dei skal rekruttere.
Foto: Arne Stubhaug / NRKDet som lokka henne til Hyllestad var eit godt arbeidsmiljø. Ho meiner det er eit gode kommunane må vere flinkare å syne fram når dei rekrutterer, og ikkje berre vifte med pengar.
Sjefen til Tonje Systad, Trine Engebø, er samd i at pengar ikkje betyr alt. For trass i at også Hyllestad lokkar med ekstra pengar, så syner ikkje dette att i søknadsbunkane på kontoret til Engebø.
Kommune-kannibalismen er lite berekraftig, meiner ho.
– Vi må tenke nye vegar og utanfor boksen for å rekruttere seier ho, og nemner at det mellom anna må bli lettare å ta utdanninga ute i distrikta.
Eit samarbeid med andre kommunar om å dele på arbeidskrafta, meiner ho også kan vere aktuelt.
Åtvarar mot prissamarbeid
Distriktskommunane taper ofte i kampen om arbeidskrafta, seier Silje Naustvik, første nestleiar i Norsk sjukepleiarforbund.
STOR MANGEL: Silje Naustvik i Norsk sjukepleiarforbund, seier pengar er viktig for å lokke til seg sjukepleiarar- men det er også viktig at kommunane tilbyr tilsette vidareutdanning og fagleg påfyll.
Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI / SUNNIVA TONSBERG GASKI– Å opne opp lommeboka kan sjølvsagt fungere, men eit godt fagmiljø med moglegheit for vidareutdanning er også svært viktig.
Sjølv om ho forstår kannibalisme-frykta til ordførarane, åtvarar ho mot eit prissamarbeid.
– Det er ulovleg, seier ho.
Naustvik meiner kommunane også må jobbe meir for å behalde sjukepleiarane dei allereie har. 1 av 5 sjukepleiarar sluttar nemleg i yrket innan ti år. Årsakene er at løn og arbeidsbelastning ikkje står i stil, seier Naustvik.
Hans Johan Breidablik, forskar ved Senter for helseforsking i Helse Førde, er bekymra:
– Det er ikkje hjelp i om kommunane har nok sjukeheimsplassar eller omsorgsbustader dersom dei ikkje har personell å betene dei.
Han meiner det er lett å forstå at kommunane næraste byr over kvarandre, men at dei må tenke lengre fram og at dei må samarbeide.