Hopp til innhold

Sjå dei spektakulære bilda av vraket som miljøvernarar vil ha opp

ÅGOTNES (NRK): Den enorme konstruksjonen blei bestilt før første verdskrigen. Over hundre år seinare står striden om den skal få ligga på botn av fjorden.

Fisk på dokken på Ågotnes

UNDERVASSBILDE: NRK har filma dokka under vatn.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

På dramatisk vis gjekk den store flytedokka ned i Hjeltefjorden i november i fjor. Ein person hamna i sjøen, men ingen blei skada.

Den flytande verkstaden hadde i over 100 år tent for å reparere og vedlikehalde skip. Så gjekk det plutseleg gale.

I eitt år har det historiske vraket no lege på botn av fjorden.

No kan NRK for første gong vise bilde av korleis den 12.000 tonn tunge konstruksjonen ser ut under vasskorpa.

I ei skråning ligg den på mellom 10 og 60 meters djupne, rett utanfor ei av kaiene på basen på Ågotnes.

Ein stim av pale svømmer rundt i midten av vraket. På stålet har det begynt å gro. Ved eit av vindauga til styrhuset prøver ein einsleg lyr å kome inn.

Men om flytedokka skal halde fram å ligge her, er ikkje avklart.

Kystbasen CCB, som eig dokka, vil la den ligge. Dei meiner at det vil vere alt for dyrt å heve, og viser til ein rapport frå Norsk institutt for vassforsking (Niva) som syner at forureininga vil vere liten.

– Primært vil vi ikkje la den ligge, men vi vil det på grunn av kombinasjonen av ein frykta uforholdsmessig høg kostnad og at Niva sin rapport viser at forureiningspotensialet er avgrensa, seier administrerande direktør Øyvind Langedal i CCB.

Fryktar «Helge Ingstad»-pris

Flytedokka var eit landemerke på Laksevåg i Bergen frå 1994 til 2017 då Coast Centre Base (CCB) Ågotnes kjøpte den. Den blei ferdigstilt i 1912, bygd for opprustinga til 1. verdskrigen i Storbritannia.

Den var i bruk heilt til den sokk. I halvanna år hadde flytedokka vore under oppussing etter at CCB kjøpte den.

I eitt år har den no lege på botn av Hjeltefjorden.

Øyvind Langedal, administrerende direktør CCB Ågotnes

DIREKTØR: Øyvind Langedal, administrerande direktør i CCB, vil at dokka skal bli på botn. Han er redd for kva ei heving kan kome til å koste.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Å løfte tusenvis av tonn med stål frå botnen av denne fjorden er ikkje gjort i ei handvending. I same fjord skjedde den omfattande hevinga av KNM «Helge Ingstad».

– Frå media har vi høyrd mykje om Helge Ingstad og kostnaden knytte til hevinga. Denne er dobbelt så lang og minst dobbelt så tung, så vi fryktar at kostnaden blir veldig stor, seier Langedal.

Berginga av KNM «Helge Ingstad» kosta 640 millionar kroner fram til fregatten var tilbake på Haakonsvern.

FLEIRE BILDE: Her kan du sjå ein lengre versjon av dykket med den fjernstyrte undervassdrona.

Miljøvernarar vil bruke stålet opp att

Tidlegare i haust fekk eigarane av flytedokka løyve til å la den ligge på botnen av hamna. No har både Kystverket og Noregs Miljøvernforbund engasjert seg i saka.

– Når ein har grisa til og forsøpla, ryddar ein opp. I 2019 er vi kome dit at vi ikkje tenkjer «ute av syne, ute av sinn». Her er 12.000 tonn med stål som har ein gjenbruksverdi, og som om ikkje anna bør takast hand om av omsyn til materialet, seier nestleiar Ruben Oddekalv.

Ruben Oddekalv, Norges Miljøvernforbund

KRITISK: Ruben Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund meiner dokka må opp.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Direktør Langedal ved CCB vil ikkje kommentere utspelet frå Oddekalv ettersom klaga er under handsaming hos fylkesmannen.

Flytedokk går ned ved CCB på Ågotnes

SOKK: Flytedokka gjekk ned 26. november 2018 ved CCB på Ågotnes.

Meiner løyve var ulovleg

I tillegg til sjølve klagen, har Kystverket bedt fylkesmannen om å vurdere om Fjell kommune braut lova då dei gav løyvet. Dei reagerer på sakshandsaminga.

– Vi meiner at kommunen har vurdert lova feil. Dei har lagt avgjerande vekt på at området allereie er forureina, og at ei fjerning kan bli kostbar, utan at dei har vurdert om flytedokka kan vere skjemmande eller til skade for miljøet. Det er det vesentlege i lova, seier Lill Veronica Benjaminsen.

Kystverket har ikkje kjennskap til heile forureiningsbildet, men meiner at kommunen har begynt i feil ende. Til lokalavisa Vestnytt seier dei at dei meiner kommunen ikkje hadde lov til å fatte vedtak i saka.

Fjell kommune meiner Kystverket opptrer merkeleg. Dei viser til eit brev frå mars i år kor kommunen fekk ansvar for vidare handsaming, og at Kystverket ikkje hadde noko innvendingar til det.

Kommunen har vurdert miljøkonsekvensane, meiner dei sjølv.

– Vi har gjort ein heilskapsvurdering. Først og fremst har vi tatt utgangspunkt i ein miljørapport frå Niva, som vi må stole på at er god. Vi har ikkje grunn til å trekke den i tvil, seier plan- og bygningssjef Hanne Gjesdal i kommunen.

Flytedokken i verftsområdet har preget Bergen i tiår. Se øyeblikket da den forsvant fra Laksevåg.

Flytedokka i verftsområdet prega Bergen i tiår. Her blei ho slept ut frå Laksevåg.