Hopp til innhold

For denne bonden er det viktigare enn nokon gong å produsere meir mat

Aldri før har kostnadene vore høgare. Men aldri før har det vore viktigare for bonde Per Hjermann å auke produksjonen på garden.

Per Severin Hjermann

OPTIMIST: Per Severin Hjermann vil satse trass dårlege tider for landbruket.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / Sogn Avis

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er stor optimisme blant bøndene i Lærdal og alle her har lyst til å auke produksjonen, seier Per Hjermann.

Beskjeden står i kontrast til nyheitsoppslaga siste tida som fortel om bønder som vurderer å kutte i drifta for å handtere auka kostnader.

Sjølv om Hjermann fekk ei utgift på 400.000 kroner på grunn høge stålprisar, er det likevel andre ting som trumfar kostnadsauken.

Per S. Hjermann

GRØNSAKER: Sjølv driv Per Severin Hjermann med grønsaker, frukt og poteter.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Når vi ser situasjonen rundt om i verda, så aktualiserer det behovet for å auke produksjonen av matvarer i Noreg, seier han, og tenkjer spesielt på krigen i Ukraina.

– Eg har ikkje lyst til å trappe ned, eg trappar gjerne opp, seier lærdalsbonden.

Krigen i Ukraina kan føre til matvarekrise og difor vil Senterpartiet igjen ha norske kornlager

Ukraina vert ofte omtalt som verdas kornlager. Saman med Russland har dei stått for ein tredel av verdas kveiteeksport, ein femdel av maishandewl og 80 prosent av vegetabilsk olje (solsikke), skriv FT​.com.

Sjølv om Noreg importerer lite landbruksvarer frå Ukraina og Russland, og dermed ikkje vert direkte råka av at varene derifrå no er borte, vil det også på sikt merkast her i landet.

Tabell

Tala er henta frå Norsk Institutt for Bioøkonomi, og syner sjølvforsyningsgrad for ulike matvarer i Noreg.

Bondelagsleiar ber bønder «gi gass»

Tala viser at sjølvforsyninga i Noreg har gått ned i fleire år. I 2020 var den på 46 prosent, syner tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Regjeringa har som mål å auke til 50 prosent, men det er lenge sidan vi har vore på det nivået.

– Det har aldri vore så viktig med norsk matproduksjon som akkurat no, seier Anders Felde, som er fylkesleiar i Vestland Bondelag.

Anders Felde i fjøsen

MEIR SJØLVFORSYNING: Anders Felde er leiar i Vestland Bondelag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Sjølv om mange bønder står i ein skvis, meiner Felde det er det viktig å ikkje gi opp.

– Har du poteter i Lærdal, gi gass! Få så mykje poteter som mogeleg. Pass på å gjødsle beita som normalt.

Han ber no dei som lurer på framtida som bonde om å fylle gardstanken med diesel før prisane stig endå meir.

– I ei tid med krig og nedslåande klimarapportar, vil det bli enda vanskelegare å produsere mat til ei veksande befolkning i framtida.

Ministeren ventar på jordbruksoppgjeret

Om få veker startar årets jordbruksforhandlingar. Der vert kostnadsauken til bøndene eit sentralt tema.

– Då kan vi sjå ting i samanheng og finne gode løysingar gjennom forhandlingar, seier landbruksminister Sandra Borch.