Hopp til innhold

Kommuneoverlege: – Besøk frå barnebarn er ei nødvendig reise

For andre året rad må dei nøye seg med å sjå barnebarna i album i påska. Men kommuneoverlege meiner at besøk frå barnebarn kan reknast som ei nødvendig reise.

Magni Ingunn Vereide Kroken og Jakob Leiv Kroken.

GLER SEG OVER BILETA: Jakob Leiv Kroken og Magni Ingunn Vereide Kroken får ikkje barnebarna på besøk denne påska heller. Det ville dei gjerne hatt.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Magni Ingunn Vereide Kroken og Jakob Leiv Kroken på Sandane i Gloppen var i gang med å gjere klar huset til besøk av dei tre barnebarna då innstrammingane kom frå regjeringa.

– Det er jo litt dumt. Vi hadde kjøpt inn ny madrass og dreiv og laga til sengene. Så fekk vi beskjeden om at dei ikkje kunne kome, fortel besteforeldra.

Regjeringa sitt klare råd er at ein maks skal ha to personar på besøk utanom dei som er i husstanden og at ein skal unngå alle unødvendige reiser.

Men kommuneoverlege Jan Helge Dale i Kinn meiner at fysiske møte mellom barnebarn og besteforeldre kan reknast som ei nødvendig reise – så lenge dei følgjer dei andre tydelege råda og påboda.

– Nødvendig reise

På spørsmål frå NRK sine lyttarar om det er tilrådeleg å besøke barnebarn i påska, svara Dale dette:

– Eg er sjølv bestefar og forstår det behovet som eg meiner er høgst reelt. Hovudrådet er jo å avgrense unødvendige reiser, men når det nett har kome ein ny verdsborgar og ein har blitt besteforeldre, så kan ikkje eg begripe at det er ei unødvendig reise.

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad seier til NRK at mange vil tenke at reiser som kan utsetjast utan større konsekvensar, ofte ikkje er nødvendige.

– Kontakt mellom eldre og yngre familiemedlemer som ikkje har sett kvarandre på lenge, og mellom barn av foreldre som bur på ulike stadar, vil i mange tilfelle vere nødvendige reiser, seier Nakstad.

Jan Helge Dale

BESTEFAR OG LEGE: Jan Helge Dale er kommuneoverlege i Kinn kommune. Han meiner at kontakt mellom besteforeldre og barnebarn kan forsvare ei nødvendig reise.

Foto: Roy raasholm fauske / nrk

Gøymer madrassen til sommaren

FHI-kollega Frode Forland manar til varsemd, uansett kva reiser ein vurderer no i påska.

– Men vi kan ikkje gå inn og overprøve kvar einskild si vurdering av kva som er ei nødvendig reise.

Han peikar på at vi alle må utvise særskilt varsemd om ein reiser til eller frå område med høg smitte, aldri reise om ein sjølv har symptom, og gjerne teste seg før og etter.

For besteforeldra på Sandane blir det uansett ikkje besøk frå dei tre barnebarna denne påska. I staden må dei nøye seg med å sjå fine bilete av dei i albuma.

– Den nye madrassen får vi gøyme til sommaren når dei kjem på besøk. Det blir veldig bra, seier bestefar Jakob.