Følling ny ordførar i Sunnfjord

Jenny Følling frå Senterpartiet vert ny ordførar i Sunnfjord Kommune. Ho tar over etter Olve Grotle som er valt til stortingsrepresentant. Anne Lilleaasen frå Høgre vert ny varaordførar.

– Det er ein glede å få lov å lede laget i Sunnfjord, seier Følling til NRK.

Koalisjonen beståande av partia Sp, H, KrF, MDG og V er samde om å vidareføre samarbeidet.

Steinar Kvame blir nytt fast medlen i formannskapet, og Laila Villnes Helgheim vert nestleiar i utval for samfunn, kultur og næring. Bjarte Urnes vert nytt medlen i same utval.

Jenny Følling
Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK