Hopp til innhold

Folkevandring til Kinn

Over 2 500 personar tok i helga turen til øya Kinn utanfor Florø, for å få med seg årets Kinnaspel.

Odd Stubhaug, som har vore med sidan byrjinga, og som kanskje var den som hadde ideen til spelet, er nøgd med oppslutnaden.

- Eg må vere nøgd om det er 500 også, for ein kan ikkje tvinge folk til å reise. Eg tykkjer det er eit strålande resultat. Kinn er ei øy med kanskje åtte fastbuande, og det er ikkje lett å komme seg ut. Ein må til Florø og ta båt over, seier han.

Video: GJENNOPPLEV KINNASPELET 1985

Årets utgåve av Kinnaspelet var det 25. i rekka. Det vart markert, mellom anna med ekstra framsyning av "Gullalder" ved Toralv Maurstad og Esben Schjølvberg. I tillegg heldt biskopen gudsteneste.

På spørsmål om det økonomiske, trur Stubhaug at det går mot overskot for utestykket.

- Vi veit ikkje sikkert før vi er i land med rekningane, men på bakgrunn av tidlegare år, så bør det vere eit overskot. Vi har tidlegare hatt underskot, så vi har hol å putte pengane i, seier han.

Stubhaug ser ikkje vekk ifrå at det også neste år blir Kinnaspel.

- Men då feirar også Florø 150 år og jubileumsdagen er 16. mai. Mai og juni blir på ein måte hovudmånadane for markering av byjubileet, men eg ser ikkje vekk ifrå at vi samlast på Kinn tredje helga i juni også i 2010, seier han.