Hopp til innhold

Høyangerfolk stilte kritiske spørsmål til mottaksplanar

Høyanger (NRK.no) – Vi føler alle på frustrasjonen, men når det no er bestemt så skal vi klare dette, sa ordførar i Høyanger Petter Sortland etter folkemøtet måndag. Både UDI og Norsk Mottaksdrift fekk møte eit engasjert publikum.

Folkemøte i Høyanger

STILTE SPØRSMÅL OM ASYLKPLANAR: Det vart stilt mange spørsmål til planane til Norsk Mottakssenter om asylmottak i Høyanger. – Kven kjem? Er det berre einslege menn, spurte folk i salen.

Foto: Hibba Sarmadaway / NRK

Mange spørsmål er utan svar etter måndagens folkemøte i Høyanger der Norsk Mottaksdrift, UDI og Høyanger kommune måtte svare på spørsmål frå eit engasjert publikum.

UDI bestemte tidlegare i år at Høyanger kommune får 150 asylsøkjarar og at mottaket skal vere klart allereie 14. november. Ordførar Petter Sortland sa tidleg at han var uroa over at kommunen fekk så kort tid på seg og at oppgåva var krevjande.

– Høyangerfolk brenn ikkje inne med noko

Ordførar Petter Sortland syntest møtet med UDI og Norsk Mottaksdrift og innbyggjarar i Høyanger måndag kveld gjekk bra.

(Saka held fram under bilete)

Petter Sortland

SKAL GÅ BRA: Ordførar Petter Sortland kjenner på frustrasjonen, men trur høyangersamfunnet skal bli ein god vertskommune.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Det var eit greitt møte. Spesielt kjekt at så mange møtte, fullt samfunnshus faktisk. Og det var bra at UDI og Norsk Mottaksdrift møtte med bra med folk slik at dei kunne gje folk skikkelege svar.

Ordføraren kjenner bygda si og var trygg på at folk ikkje kom til å brenne inne med spørsmål til dei to instansane.

– Høyangerfolk brenn ikkje inne med noko. Dei stiller spørsmål som dei lurer på, seier Sortland.

Han er uroa for at det er ein knapp månad til det kjem så mange nye til bygda.

– Her er mange spørsmål utan svar. Kven kjem? Kor gamle er dei? Kvar kjem dei frå? Er det familiar? Uansett så er slike møter viktige for å få fram faktainformasjon.

Spørsmål frå salen

Under den avsluttande delen av folkemøtet var det sett av tid til spørsmål frå salen. Her var mange opptekne av måten mottaket blir lagt til Høyanger på, og ikkje minst lurte fleire på kva type asylsøkjarar som kjem.

– Vi har høyrt rykte om at det er berre er einslege menn som kjem, vart det sagt frå salen til latter frå salen.

– Vi har høyrt at det er få barn som kjem, sa andre.

Men verken Norsk Mottakssenter eller UDI kan per i dag gje tydlege svar på kva slags asylsøkjarar som kjem til industribygda.

Per Erik Lykstad som er dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift oppfatta ikkje dei mange spørsmåla frå salen som kritikk av planane til asylmottak i bygda.

(Saka held fram under bilete)

Per Erik Lykstad

HAR IKKJE ALLE SVAR: Per Erik Lykstad i Norsk Mottakssenter hadde ikkje alle svar på spørsmåla frå salen.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Eg oppfatta ikkje spørsmåla som negative tilbakemeldingar. Eg oppfatta dei som tilbakemeldingar og konstruktive spørsmål på områder som er heilt naturleg å spørje om.

– Dei verka litt uroa?

– Nei det vil eg ikkje seie. Men det er klart det er mange nye ting med eit asylmottak. Og Høyanger har aldri hatt asylmottak så spørsmåla er heilt naturleg, seier Lykstad.

– Det vil gå bra

Sjølv om ordførar Petter Sortland er uroa for framtida er han trygg på at bygda vil ta godt imot asylsøkjarane.

– Eg trur det vil gå bra. Høyangerfolk er vande til å snakke med framande folk. Vi skal gjere vårt for å vere ein god vertskommune for asylsøkjarane.

Han ser likevel mange utfordringar.

– Dette med å få språkopplæring, trivsel, integrering og det å stadig ta seg av nye asylsøkjarar.

På den andre sida meiner ordføraren at bygda kan ha mykje å lære av asylsøkjarane som skal komme.

– Eg trur dei vil vere ei styrking for oss, vi har behov for impulsar og kan lære om nye kulturar. Vi må berre få dei integrerte og skape nye møteplassar. Då er eg sikker på at dette blir kjekt.