Hopp til innhold

Folkehøgskule ville laga linje for elevar som er dritleie korona

Folkehøgskulen ville opprette linja «Covid X» for dei som ville koma seg bort frå korona. Då sette elevane foten ned.

Bømlo folkehøgskule og Covid X

X: Bømlo folkehøgskule tilbyr ikkje linja «Covid X» til neste år lenger. Ho har i staden fått eit nytt namn.

Foto: Montasje

– Det er rett og slett ei linje for dei som er dritleie korona og alle tiltaka dei må leva under heile tida.

Det sa Stina Raknes Kvarven, informasjons- og administrasjonsleiar ved Bømlo folkehøgskule, til NRK 15. mars.

Kvarven fortalde om «Covid X», den nye linja på folkehøgskulen.

Namnet fekk fort reaksjonar. Fyrst frå elevane på skulen.

– Dei sende melding og spurde om dette var seriøst, seier Kvarven.

Også instagramkontoen Omg just don't, som har over 350.000 følgjarar, delte folkehøgskulen sitt facebookinnlegg om den nye linja.

Covid X

HERREGUD: Instagramkontoen Omg just don't deler videoar og bilete frå situasjonar mange tenkjer ein berre ikkje skulle gjort.

Foto: Skjermdump

– Alle er dritleie korona

Sjølv om det kanskje høyrest ut som om ein skal læra om korona på ei linje kalla «Covid X», er hensikta til linja det omtrent akkurat det motsette.

– Fokuset er jo at ein skal koma seg bort korona. Viss ein er lei korona vil ein kanskje ikkje gå på ei linje som heiter det, og bli mint på det, seier elevrådsleiar ved skulen, William Øquist Ingvaldsen.

Professor i marknadsøkonomi ved NHH, Magne Supphellen, meiner det er fleire grunnar til at «Covid X» ikkje er eit spesielt godt namn.

– For det fyrste er alle dritleie korona. For det andre er folk vare for initiativ som prøvar å sko seg på pandemien, seier Supphellen.

William Øquist Ingvaldsen og Eivind Eide, elevar på Bømlo folkehøgskule

FRI: William Øquist Ingvaldsen går på friluftslivslinja på Bømlo folkehøgskule. Her har han klassekameraten Eivind Eide på ryggen.

Foto: Privat

Bytte namnet raskt

Skulen valde å endra namnet til linja. No heiter ho i staden «Opplev!»

– Leiinga er veldig flinke til å høyra på oss elevar om kva som er best for skulen. Dei brukar tilbakemeldingane me har kome med, seier Ingvaldsen.

Kvifor bryr de dykk om kva linjene skal heita til neste år?

– Me har gått på skulen i nesten eit heilt år, og vorte veldig glade i den. Me vil skulen sitt beste, seier elevrådsleiaren.

Informasjon- og administrasjonsleiar Kvarven er glad for at elevane er så ærlege.

– Me må laga skule i lag, seier ho.

Stina Raknes Kvarven, informasjons- og administrasjonsansvarleg på Bømlo Folkehøgskule.

BYTTA: Skulen var raske til å bytta namn på linja, fortel informasjon- og administrasjonsleiar Stina Raknes Kvarven.

Foto: Privat

Innhaldet held fram

Sjølv om linja no heiter «Opplev!», er innhaldet stort sett det same.

– Hensikta med linja er bra. Me som har gått på folkehøgskule dette året veit kor bra det er. Me har kunna levd nesten som normalt, i ei koronafri boble, seier Ingvaldsen.

Folkehøgskulen vil gjerne ta i mot dei som til dømes synest heimeundervisning har vore tungt. Mellom anna går det an å ta opp fag på linja. Det kjem også til å bli lagt vekt på ting som matlaging og helse og turgåing.

– Linja er for dei som kjenner på at dei har sete alt for lenge heime og som har lyst til å vera sosiale, og treng å vera saman med folk og ha eit år pause frå korona, seier Kvarven.

– Er det framleis linja for dei som er dritleie korona?

– Absolutt. Men det er eigentleg alle linjer på folkehøgskule, seier Kvarven.