Hopp til innhold

– Det hastar om det skal bli ei folkerøysting

Det er høgst usikkert om det vert folkerøysting om sjukehus i Nordfjord til hausten. Ingen kommunar har fram til no handsama saka, og det er heller ikkje nokon som har skikkeleg oversyn over kva som skjer.

Ordførar Anne-Britt Øen Nygård seier innbyggjarane heller vil til Volda enn til Førde.

FOLKERØYSTING: Innbyggjarar i Hornindal kravde folkerøysting om byte av helseføretak og endring av fylkesgrensa. Ordførar Anne-Britt Øen-Nygård er veldig klar over at mange i kommunen ønskjer å nytte seg av sjukehuset i Volda enn sjukehuset i Førde no som Kvivsvegen har opna.

Foto: Fotomontasje: Helse Sunnmøre/NRK

Kravet om folkerøysting i Nordfjordkommunane om helseføretak-grenser og rett til bruk av sjukehus på Sunnmøre ser ut til å ha gått litt i stampe.

Fleire sentrale personar bak underskriftslistene seier mellom anna at ordføraren i Stryn har tatt på seg å føre saka vidare i Nordfjordrådet. Men det stiller ordførar Sven Flo seg uforståande til.

– Eg har ikkje påtatt meg noko anna enn at eg har hatt ein dialog med aktørar i Stryn om det skal gjennomførast ein underskriftskampanje som skal fremjast ovanfor det politiske systemet i Stryn, seier han.

Hovudorganisator i Vågsøy, Hans Gunnar Våge, har ikkje noko oversyn i saka.

– Er det nokon som samkøyrer dette folkekravet i Nordfjord?

– Nei, det trur eg ikkje, seier han.

Jurist Knut Henning Grepstad i Fylkeskommunen seier at det hastar med ei avgjerd dersom det skal bli folkerøysting om sjukehus under stortingsvalet i haust.

– Det går sjølvsagt an å gjere det, men dei bør vera raskt ute å få ei avgjerd i dei enkelte kommunestyra dersom dette skal skje.

– Det treng ikkje har so veldig stor verdi dersom berre eitt av fleire kommunestyre vil ha dette. Alle kommunestyra i det aktuelle området bør ha sagt ja til ei folkerøysting om det skal ha nokon verdi.