Folk styrer unna sentrum – denne matbutikken har gått frå 4000 til 700 kundar

BERGEN (NRK): På Rema 1000 midt i Bergen sentrum myldrar det vanlegvis av folk. Berre Rema 1000 i hyttekommunen Geilo opplever større inntektssvikt.

Kjøpmann Eirik Hatlestad Rema 1000 Xhibition

NEDTUR: Kjøpmann Eirik Hatland styrer den Rema 1000-butikken i landet med nest størst nedgang. Berre butikken på Geilo opplever større svikt i omsetninga. – Det er ganske slitsamt, både fysisk og psykisk, medgir Hatland.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Matvarebransjen er ein av få næringar som har merka ein oppsving etter at regjeringa innførte dei strengaste tiltaka i fredstid.

Hamstring førte til tomme butikkhyller i midten av mars, og fleire stader noterte rekordhøg omsetnad. Likevel lovar handelsstanden fulle matvarehyller inn mot påske.

Men for enkelte butikkar ser det likevel mørkt ut.

– Det er ganske slitsamt, både fysisk og psykisk, seier kjøpmann Eirik Hatland ved Rema 1000 Xhibition.

Folketom Torgallmenningen

FOLKETOMT: Torgallmenningen i Bergen ein ettermiddag klokka 17. Vanlegvis eit folkemylder, no folketomt.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Berre Geilo har større nedgang

Daglegvarebutikken på kjøpesenteret Xhibition i Bergen sentrum har vanlegvis 3500–4000 daglege kundar.

Senteret er eit knutepunkt for mange som reiser inn og ut av byen med buss og bane.

Men no er talet så lågt som 700 daglege kundar.

Butikken er den med størst nedgang på Vestlandet. I heile Noreg er det berre Rema 1000 på Geilo, i eit av landets største hytteområde, som har dårlegare utvikling.

– Alle som kom innom her når dei byta buss eller bane på veg til og frå jobb, er borte. Det er heilt daudt, seier kjøpmannen.

Stengde butikkar og heimekontor har strupa omsetnaden til kjøpmann Hatland.

– Dei fleste butikkane i kjøpesenteret er for det meste stengde. Det er ingenting som trekkjer folk hit lenger, seier kjøpmannen.

Regiondirektør Arild Remme i Rema 1000 region vest

REGIONDIREKTØR: Arild Remme i Rema 1000 region vest.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Vondt

Samstundes som matbutikkane går ut med handleråd før den venta storhandelen til påske, er det langt frå fryd og gammen hos dei sentrumsnære butikkane i norske byar.

Trenden er den same hos dei andre matvarekjedene. Kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen, fortel at butikkar over heile landet ser den same utviklinga.

– Butikkane som ligg i sentrum, med mange kundar som jobbar i byane, merkar ein nedgang. Folk sit på heimekontor og det er rolegare for sentrumsbutikkane.

Trenden er påfallande tydeleg, meiner regiondirektør Arild Remme i Rema 1000 region vest.

– Eg får vondt inni meg når eg ser kva som skjer i sentrum. Og når eg ser kjøpmannen her, så får eg vondt av han.

Leiar for institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen, Tommy Staahl Gabrielsen, er ikkje like negativ.

– Det betyr jo berre det at daglegvarehandelen har flytta seg. Det betyr ikkje at daglegvarehandelen har gått ned totalt sett.

Gabrielsen har trua på at situasjonen i sentrum vil gå tilbake til normalen etter kvart.

– Folk kjem til å handla mat, også etter krisa. Det er eg ganske overtydd om. Og det kjem òg til å føregå i sentrum.

Kjøpmann Tore Nygard ved Rema 1000 Lynghaugparken i Fyllingsdalen

KJØPMANN: Kjøpmann Tore Nygard ved Rema 1000 Lynghaugparken i Fyllingsdalen har færre kundar, men 20 prosent høgare omsetning. – I desse dagar er det vanskeleg å gle seg over omsetning og vekst.

Foto: Privat

Fall i omsetning i sentrum – vekst utanfor sentrum

Men for kjøpmann Tore Nygard ved Rema 1000 Lynghaugparken i Fyllingsdalen, går salet bra. I bydelen sør for Bergen sentrum har han romsleg parkering og god plass.

Sidan deler av samfunnet blei stengd i starten av mars, har trenden vore færre kundar.

Men på same tid har omsetnaden auka med rundt 20 prosent, viser førebelse tal.

– Når me samanliknar med kvardagen før koronakrisa er det ein monaleg nedgang i talet på kundar. Likevel har me ein auke i omsetninga på rundt 20 prosent, fortel Nygard.

Han har bemanna opp for å sikra at nok varer blir fylt på. Allereie før palmehelga merka han at kundane var godt i gang med påskehandelen.

– Det byrja på onsdag. Påska kom tidleg for vår del. Men i desse dagar er det vanskeleg å gle seg over omsetning og vekst. No handlar det meir om å skaffa mat til det norske folk. Dette er ikkje ein situasjon me vil sko oss på, påpeikar kjøpmannen.

Kjøpmann Eirik Hatland Rema 1000 Xhibition og regiondirektør Aril Remme

ANTIBAC: – Det er berre å komma til sentrum. Me har masse varer og mykje antibac, seier kjøpmann Erik Hatland (t.v.)

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Matvarer går ut på dato

Regiondirektøren registrerer at folk i langt større grad handlar i nærbutikkane og at salet i alle sentrumsbutikkane går merkbart ned.

For butikken i kjøpesenteret i Bergen var einaste alternativet å redusera opningstida. Kjøpmannen har kutta to timar på morgonen og to timar på kveldstid.

No jobbar dei tilsette med å rullera varer. Matvarer går ut på dato og matsvinnet aukar.

Hatland håpar at folk vil komma til sentrum å handla, og lovar at smitteverntiltak er på plass.

– Det er berre å komma til sentrum. Me har masse varer og mykje antibac.

Status Norge

Sist oppdatert: 02.06.2020
8446
Smittet
32
Innlagt
236
Døde