Hopp til innhold

Folk måtte køyre rundt heile Nordfjorden

Ferja låg midt på fjorden, så alle som skulle over Nordfjorden måtte køyre rundt. Mads Jonsson fekk ikkje henta familien på Anda.

Mats Jonsson i ferjekø, Lote

RÅDVILL: Mads Jonsson frå Stad skal hente familien på Anda, men ferja ligg midt på fjorden og kjem seg ikkje til land.

Foto: Harald Kolseth / NRK

SISTE: Ferjesambandet er no tilbake i rute.

Ferja låg midt ute på Nordfjorden. Ein av dei som skulle ta ferja torsdag ettermiddag er Mads Jonsson. Han skulle til Anda flyplass for å hente kjærasten og barnet sitt, og var ikkje nøgd med informasjonen frå Fjord1.

– Det går ikkje det, eg skal hente familien min på flyplassen. Før eg drog frå Stadlandet sjekka eg, og då stod det ingenting om innstilte ruter eller noko. No veit eg ikkje kva eg skal gjere, det gjer meg skikkeleg forbanna.

– Eg får finne nokon her på Nordfjordeid som har ein båt då, det er vel raskare enn å bruke tre timar rundt fjorden. No er eg litt rådlaus, men det første eg skal gjere er å ringe ferjeselskapet. Dette godtek eg ikkje.

Problem på ferjestrekninga Anda-Lote

MIDTFJORDS: Her ligg ferja medan mannskapet prøver å finne ut kva som er gale.

Foto: Sigurd Reksnes

I ustand igjen

Det var litt før klokka 11. torsdag føremiddag at Fjord1 informerte om at ferjesambandet over Nordfjorden mellom Anda og Lote vert innstilt inntil vidare på grunn av tekniske problem.

Regionleiar i Fjord1 Tor Kristoffersen seier at det lenge var uklart når sambandet ville vere tilbake i drift.

– Akkurat no er sambandet innstilt på grunn av tekniske problem. Det kan gå eit par timar før vi er i drift att, eller det kan gå eit lengre tidsrom. No jobbar vi både med å forsøke å rette opp feilen og med å forsøke å skaffe ei anna ferje.

Rundt fjorden

Kristoffersen sa tidlegare i dag at dei reisande på strekninga måtte rekne med å vente ei god stund før dei kjem seg over fjorden.

– Dersom dei har moglegheit til å køyre rundt, så anbefaler eg dei å gjere det fram til dei får beskjed om noko anna. Vi jobbar med saka, og vil legge ut informasjon på nettsidene og trafikkmeldingane våre.