Hopp til innhold

Folk i utkantane blir stadig eldre

Utkantkommunane fryktar forgubbing - i byane går snittalderen nedover.

Svelgen

BLANT DEI ELDSTE: Innbyggjarane i Bremanger har ein gjennomsnittsalder på 43 år. Det gjer kommunen til ein av dei eldste i Sogn og Fjordane.

Foto: Steinar Lote / NRK

Terje Voll

SAKNAR DEI YNGRE: Terje Voll konstaterer at gjennomsnittalderen i Bremanger berre stig og stig.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Ungdommen flyttar ut. Det er ikkje framtid for dei her, seier Terje Voll.

Han er mellom innbyggjarane som trekkjer opp gjennomsnittsalderen i Bremanger. Kystkommunen i Sogn og Fjordane har om lag 3900 innbyggjarar, og desse er i gjennomsnitt 43 år.

Samstundes går innbyggjartalet nedover. Og slik er det for mange av utkantkommunane i fylket.

Utfordringar innan eldreomsorg

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at innbyggjarane i Norge har ein gjennomsnittsalder på 39 år. I Sogn og Fjordane er tilsvarande tal for Askvoll, Bremanger, Solund og Vik heilt oppe i 43 og 44 år.

Dei same kommunane har samstundes negativ folketalsutvikling.

Og: Forskjellane mellom utkantane og byane berre aukar og aukar.

- Det kan bli tøft for oss, særleg innanfor eldreomsorgen. Vi blir jo færre til å ta oss av dei eldre etterkvart, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Tom Joensen

SER STORE UTFORDRINGAR: Rådmann Tom Joensen meiner det er viktig å forbetre infrastrukturen for å få dei unge til å busetje seg i utkantane.

Foto: Steinar Lote / NRK

Må flytte for å gå på skule

Rådmannen er ein av dei som jobbar med å sikre framtida til kommunen. Han har sine synspunkt på kva som må til for å stabilisere eller snu utviklinga.

- Det er viktig å gjere infrastrukturen i området betre. Ungdommen må ha moglegheitar til spennande jobbar, og då må dei kunne komme seg til og frå kommunen på ein enkel måte, seier Joensen.

Folk NRK har snakka med i Svelgen forklarer utviklinga med at ungdommen må ut av bygda for å gå på skule i 16-årsalderen. Nokre av dei kjem tilbake med familie - men det er på langt nær alle. Eit anna problem er sjansane for å finne interessante jobbar.

Unge innbyggjarar i bykommunane

I den andre enden av skalaen finn vi bystroka i Sogn og Fjordane. Her er innbyggjarane langt yngre enn gjennomsnittet.

Særleg er folk i Førde unge - her er gjennomsnittet på 35 år. I Flora og Sogndal er tilsvarande tal på 38 år.

Alle tre kommunane har hatt positiv folketalsutvikling i perioden 1999 til 2009.

- Mi meir eller mindre kvalifiserte gjetting er at ting vil halde fram på same måten også framover: Nemleg at ein stadig større del av folk i Norge bur sentralt. Det er sentralisering som er trenden, og det skal godt gjerast å snu det, seier rådgjevar Even Høydahl i SSB til nationen.no.

Tabellen under syner tala for alle kommunane i Sogn og Fjordane:

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane

Kommune

Snittalder

Folketalsutv. i prosent 1999-2009

Førde

35

14,0

Flora

38

2,9

Sogndal

38

11,0

Jølster

39

1,1

Naustdal

39

-1,2

Eid

39

0,9

Hornindal

39

0,8

Stryn

39

2,0

Leikanger

40

-1,9

Gaular

40

-5,5

Høyanger

41

-7,8

Balestrand

41

-25,8

Aurland

41

-7,3

Lærdal

41

-0,9

Luster

41

-3,1

Fjaler

41

-5,2

Vågsøy

41

-8,2

Gloppen

41

-1,7

Gulen

42

-8,8

Hyllestad

42

-7,1

Årdal

42

-3,5

Selje

42

-7,5

Askvoll

43

-10,7

Bremanger

43

-6,7

Solund

44

-11,1

Vik

44

-6,8

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Statistisk sentralbyrå