Hopp til innhold

Følg Viking-Sogndal spark for spark

Søndag kveld er det klart for nest siste bortekamp for Sogndal. Laget har teke turen til oljebyen Stavanger for å møte Viking.

Sogndal-jubel

JUBEL I DAG OGSÅ? Følg Viking - Sogndal under kampen søndag kveld. Kanskje kan sogningane juble for tre nye poeng.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogndal må greie seg utan Henrik Furebotn i bortekampen mot Viking. Han trakka over mot Lillestrøm og han er enno ikkje klare for å spele fotball.

– Bortsett frå Henrik, har vi resten av spelarane med oss, seier assistenttrenar Håvard Flo til NRK.no halvannen time før avspark.

Prøver å halde ballen i laget

Statistisk sett har ikkje Sogndal noko godt tak på Viking. Av i alt 34 oppgjer mellom dei to laga har 19 enda med Viking-siger, ni kampar har enda uavgjort og seks med siger til Sogndal. Oppgjeret på Fosshaugane denne sesongen vann Viking med 2–1.

Flo er budd på ein tøff match, men seier dei er offensive og fokuserte på strategien.

– Vi skal opptre kollektivt og ha eit fokus på struktur. Vi må prøve å få mange fine overgangar og våge å halde ballen i laget, slik at Viking må springe etter den, seier han.

Trur dei klarer seg

Sogndal ligg på 13. plass på tabellen med 27 poeng når det er fem kampar igjen å spele. Det er berre tre poeng føre Fredrikstad som i dag ligg på kvalikplassen med 24 poeng. Sandens Ulf har 22 poeng og heilt siste ligg Stabæk med 13.

Flo seier dei har ein god posisjon i forhold til å overleve i divisjonen.

– Men der er klart at dette kan endre seg fort. Difor er det viktig å vere topp fokusert heilt tida, seier han.