Hopp til innhold

I dag fyller dei fotballbana med tusenvis av folk

Det er venta storinnrykk i Førde når 12 artistar skal opptre under VG-lista onsdag. – Vi satsar på 16.000 – 20.000 personar, seier Øyvind Solstad i VG.

Øyvind Solstad og Maria Kommissær

VG-LISTE-STEMNING: VG-lista kom til Førde tysdag og Øyvind Solstad (t.v.) og Marie Komissar meiner det openbart er VG-liste-stemning i byen.–Du merker at det skal skje noko ekstra ein stad der det ikkje er så mykje konsertar og artistar i omløp, seier Komissar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I dag er dagen sogn- og fjordingar har venta i vekevis på å få oppleve. Det som starta med ein gigantkonsert på Rådhusplassen i Oslo, blir i dag avslutta på kunstgrasbana i Førde.

Christine Dancke

PROGRAMLEIAR: Christine Dancke leiar konserten i Førde.

Foto: NRK

Og folk bør vere tidleg ute for å sikre seg dei beste plassane.

– Det er mykje råflotte artistar, og ikkje minst har vi med oss førsteplassen på VG-lista, Julie Bergan. Det er kjekt å ha den mest populære låten i Norge live, seier Marie Komissar, prosjektleiar i NRK P3.

Er du på konserten? Merk gjerne bileta dine med #nrksf på Instagram

Heim med kjempehit

Konserten blir arrangert i samarbeid mellom VG og NRK og den er gratis og open for alle. Dørene opnar klokka 18, men området er ope for publikum frå klokka 12. Utover dagen blir det også lydprøvar som folk kan følgje.

VG-lista Topp 20 Førde

SJÅ DIREKTE I NETT-TV: Om du ikkje får teke til turen til Førde, kan du sjå konserten direkte i nett-TV.

Blant artistane er Iselin Solheim frå Naustdal, som saman med Alan Walker har to låtar på VG-lista. I dag er ho utan nemnde Walker når ho meir eller mindre syng på heimebane.

Lise Rønneberg

GLER SEG: Eventsjef for VG-lista, Lise Rønneberg, trur på ei stor oppleving for alle på Førde stadion.–Vi opplever varierande vêr, men publikum er trufaste og stiller opp uansett. Det gir artistane eit kick, seier ho.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er utruleg gøy at vi har Iselin med oss. At ho har to låtar inne på VG-lista må vere stort for eit lokalsamfunn, seier Lise Rønneberg, eventsjef for VG-lista.

Vann konkurranse

Frå før har turneen vore innom storbyane Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.

Førde slo 118 byer og tettstader i kampen om å bli den siste staden som får huse VG-lista. Kampen vart avgjort basert på kven som klarte å skape mest engasjement rundt sin by, ved hjelp av videoar, kreative bilete og meldingar på sosiale medium.

Sjølv om det er venta nedbør, trur ikkje Rønneberg at det vil legge dempar på folkefesten.

Parkering VG-lista
Foto: Alf Vidar Snæland

– Det er veldig gøy for oss å gi ei slik førestilling med så mange artistar på ei scene i trygge rammer. For mange, spesielt mindre born og familiar, så er det ein av dei første konsertopplevingane. Mange fortel om sitt første kyss for dagen før eller etter, og mange har hatt ein god dag med kameratar og veninner, seier ho.

Plass til 20.000

Riggar til VG-lista i Førde

MYKJE UTSTYR: Det er ei stor scene som skal riggast til konserten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Heller ikkje Øyvind Solstad i VG trur vêret vil påverke regnvande vestlendingar stort når så mange store nasjonale artistar vitjar bygdebyen Førde.

– I Trondheim kom det kring 13.000, men vi har håp om endå fleire her. Med det engasjementet som var under konkurransen, så trur eg vi skal klare det, seier Solstad og legg til:

– Det er god plass på Førde stadion. Kjem det 10.000 fyller vi eine banehalvdelen, så her er det plass til 20.000, seier han.

Kart over VG-lista i Førde

OMRÅDET: Slik blir Idrettsplassen i Førde sjåande ut under VG-lista.