Sogndal er ferdig i Eliteserien – rykka ned etter straffedrama

RANHEIM (NRK): Sogndal har 1–0 å gå på etter første kampen mot Ranheim. I dag er det returkamp i Trondheim. Følg slaget om eliteseriespel i 2018 her.

Kvalifisering til Eliteserien 2018.

TØFFE TAK: I den første kampen mellom laga på onsdag var det fleire tøffe duellar. Sogndal-trenar Eirik Bakke har varsla at det ikkje vert ein finspelt kamp i dag og at dei skal kriga seg til siger.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Oppdatering av viktige hendingar vert lagt inn her:

Straffe: Michael Karlsen scorar for Ranheim og sender dei opp i eliteserien!

Straffe: Even Hovland scorar. Scorar Ranheim på neste er dei i eliteserien.

Straffe: Aslak Fonn Witry scorar for Ranheim.

Straffe: Eirik Schulze bommar for Sogndal!!

Straffe: Ranheim-keeper Even Barli går fram og scorar.

Straffe: Stanisa Mandic scorar for Sogndal.

Straffe: Daniel Kvande scorar for Ranheim.

Straffe: Joachim Soltved scora for Sogndal.

Straffe: Mads Reginiussen scorar for Ranheim.

Straffe: Sogndal først ute, Teniste scorar.

120 minutt: Ingen av laga klarte å scora i ekstra omgangane, no er det klart for straffesparkkonkurranse.

105 minutt: Ranheim har hatt presse og skapt nokre halvsjansar i den første ekstra omgangen, men det står framleis 1–0. No skal laga byte side og så er det klart for 15 minutt til. Står resultatet seg er det duka for straffesparkkonkurranse.

91 minutt: Aslak Fonn Witry driblar seg fint inn i feltet og går i bakken. Publikum ropar på straffe, men dommaren drar opp det gule kortet for filming.

90 minutt: Der er den ordinære speletida over og det er klart for ekstra omgangar. Ranheim scora på straffe i sluttminutta og sidan Sogndal vann den første kampen 1–0 så blir det no 2x 15 minutt for å avgjera kven som skal spele eliteserie i 2018.

87 minutt: Ranheim får straffe! Michael Karlsen er sikker og sender Dyngeland feil veg. No ligg det an til å bli ekstra omgangar. Veldig fortent ut frå spel og sjansar.

79 minutt: Nok eit langskot som er nære å gå inn. Nok ein gong er det Løkberg, men skotet går rett over målet til Dyngeland.

76 minutt: Eit drygt kvarter att. Sogndal forsvarar seg godt, men Ranheim dominerer på bana. Sogndal er heldige som ikkje ligg under.

68 minutt: Oi oi oi. Kristoffer Løkberg ladar skotfoten på 25 meter etter ein dårleg klarering i Sogndal-forsvaret. Den stryk stolpen og går ut. Ranheim kjem nærare og nærare scoringa dei treng.

62 minutt: Nok ein gong er Ranheim farleg frampå. Eit skot frå hjørnet av 16-meteren går like utanfor. Det er heimelaget som styrer kampen no, men Songndal held stand.

52 minutt: Enorm sjanse til Ranheim! Aslak Fonn Witry skyt langs bakken frå 20 meter. Dyngeland i Sogndal-målet strekk seg så lang han er og får akkurat ei hand på ballen som slår den i stolpen. Der kunne det fort stått 1–0.

48 minutt: Teniste og Utvik går i same duell og Ranheim får ein gratissjanse, men forsvaret får til slutt avverga til corner. Sogndal held fram som før pause og klarar ikkje å halda ballen i laget.

Pause: Det står 0–0 til pause, eit resultat Sogndal er mest nøgd med. Ranheim har vore hakket betre, men har til gode å scora målet dei treng for å kunne rykka opp.

39 minutt: Nytt gult kort til Ranheim. Kristoffer Løkberg er altfor tøff i taklinga på Johan Hove.

38 minutt: Johan Hove prøver seg med eit skot frå 20 meter, men det går over.

37 minutt: Brytekamp i feltet etter ein Ranheim-corner. Endar med gult kort Christian Eggen Rismark.

36 minutt: Skjer lite i kampen no. Begge lag slit med å få pasningane fram til lagkameratane, men det er Ranheim som er farlegast frampå med frispark og hjørnespark.

26 minutt: Ranheim nære scoring. Eit godt slått frispark vart heada mot Sogndal-målet, men det gjekk såvidt over.

24 minutt: Kjetil Wæhler må gje seg for Sogndal. Inn kjem Bjørn Inge Utvik.

19 minutt: Ein feilpasning frå Eirik Schulze er nære ved å gje Ranheim ein gratissjanse åleine med keeper, men ei dårleg berøring frå Ranheim-spelaren gjer at ballen går inn til keeper.

15 minutt: Sogndal klarar ikkje å halda ballen i laget og vert pressa langt inn på eigen banehalvdel av Ranheim. Daniel Kvande var nære på med eit langskot frå 25 meter, men det gjekk akkurat utanfor målet.

7 minutt: Sogndal får sin første sjanse. Eit frispark vert slått opp i feltet på bakre stolpe og hamnar hjå ein heilt umarkert Eirik Schulze, men han får dårleg treff og ballen går ut til utspark.

4 minutt: Ranheim har hatt ballen mest i opninga av kampen og fått fleire hjørnespark, men dei store målsjansane har uteblitt.

Ole Martin Rindarøy sikra Sogndal eit godt utgangspunkt då han sette inn kampens einaste mål onsdag, under det første av to møte mellom Sogndal, som enda på kvalikklassen i Eliteserien, og Ranheim som gjorde det same i første divisjon.

Ranheim var fullt på høgde med Sogndal i kampen på Fosshaugane. Etter kampen varsla Eirik Bakke følgande om returmøte laurdag:

– Det blir ikkje vakkert, sa Eirik Bakke om dagens kamp.

Om kampen mellom Sogndal og Ranheim i dag endar 0–0, held Sogndal nullen samanlagt. Om heimelaget Ranheim vinn 1–0 går kampen til ekstraomgangar.

Men om Sogndal scorar eitt mål må Ranheim scora tre for å vinne. Dette på grunn av bortemålsregelen.

Lagoppstillingane er:

SOGNDAL (3–4–3): Mathias Lønne Dyngeland – Even Hovland, Kjetil Wæhler, Per Magnus Steiring – Taijo Teniste, Johan Hove, Eirik Schulze, Ole Martin Rindarøy – Gilbert Koomson, Martin Ramsland, Stanisa Mandic.

RANHEIM (4–3–3): Even Barli – Christian Rismark, Daniel Kvande, Aslak Fonn Witry, Aleksander Foosnæs – Mads Reginiussen, Kristoffer Løkberg, Sondre Sørløkk – Øyvind Storflor, Kim Ove Riksvold, Michael Karlsen.

Ranheim-supportere før kvalifiseringskamp mot Sogndal

Jørgen Sand og Frode Berg

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Ranheim-supporterane Jørgen Sand og Frode Berg har førebudd seg for den spennande kampen med både konfetti og stjerneskot. For de er optimistiske på seier for Ranheim.

– Kampen er viktig. Men samtidig har Ranheim allereie vunne. Berre det at dei spelar denne kampen er ein seier for Ranheim, seier Ranheim-supporter Jørgen Sand før kampen.

– Vi ligg under med berre eitt mål frå Sogndal. Men i dag så feier vi Sogndal av banen. Eg trur resultatet blir 3–1 til Ranheim, seier Frode Berg selvsikkert.

Sogndal-supportere før kampen mot Ranheim

FULLT: Bortefeltet på stadion er fullt av tilreisande rå Sogndal. Resten av stadion er også godt folka.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK