Hopp til innhold

Følg Odd–Sogndal direkte her

Til pause stod telemarkingane med dobbel leiing, men sogndølane gav ikkje opp og Eirik Schulze sytte for mål etter 80 minutt.

Reiss Greenidge på sogndaltrening
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Når det raknar så fort blir det litt tungt. Men vi kan score to mål vi og, seier keeper Mathias Dyngeland etter 1. omgang.

Sogndal skulle bruke ferien på å finne tilbake røtene etter ein trå vårsesong.

Mange skadar har gjort det vanskeleg for Eirik Bakke sitt mannskap.

– Å spela 4-4-2, pressa meir og jaga meir, det er noko me skal jobba med. Men då må me nok forsterka oss i eit par posisjonar, seier Bakke.

Nytta overgangssommaren

Nye forsterkingar er henta inn i den to meter høge briten Reiss Greenidge, samt at fleire spelarar er tilbake frå utlån til andre klubbar.

Tidlegare i veka vart det også klart at Kjetil Wæhler held fram i Sogndal ut sesongen, etter at problem med eit kne skapte uvissheit om kvar karrieren gjekk vidare før sommaren.

Sogndal ligg som nummer tolv på tabellen etter 17. serierundar. Odd ligg rett over som nummer 10, med 22 poeng.

Her kan du høyre kampen på radio:

Laster innhold, vennligst vent..