Hopp til innhold

Følg med på radiosendinga vår 17. mai

Ei samsending for heile Vestland skal gje deg stemningsrapportar på nasjonaldagen.

– Dette vert ein 17. mai ingen har opplevd maken til. Difor vil me vere der det skjer for å finne ut korleis folk løyser denne feiringa, seier programleiarar Stian Sjursen Takle og Valentina Baisotti.

Saman skal dei leie samsendinga for NRK Vestland på 17. mai. Der skal radiolyttarar over heile Vestland få vere med på det som dei to trur vil verte ei «heilt spesiell feiring».

Vil vere der folk er

Koronakrisa har snudd opp ned på det meste. Også 17. mai-feiringa. I Bergen, som i resten av landet, er det meste av tradisjonelle aktivitetar avlyst. Akkurat det trur ikkje Baisotti vil verte eit problem for sendeteamet den dagen.

– Vanlegvis pleier jo folk å samle seg i Bergen sentrum. Slik vert det nok ikkje i år, men me skal uansett prøve å vere der folk er, seier ho.

Valentina Baisotti i bunad

GLER SEG: Valentina Baisotti frå Bergen skal saman med Stian Sjursen Takle vere programleiar for radiosendinga 17. mai. – Eg gler meg, seier ho.

Foto: PRIVAT

I tillegg har sendinga med seg fleire reporterar, som skal dekkje eit stort spekter av aktivitetar i Vestland denne dagen. Anten det er i heimen, på sommarskisenter i Stryn, eller på skitur på Folgefonna.

Og sjølv om vêrmeldingane ikkje ser så lovande ut, ser programleiarane lyst på det.

– Me vestlendingar er vande med slikt. Så dette vert ei fin sending, uansett vêr, seier Sjursen Takle.

Stian Sjursen Takle er klar for radiosending på 17. mai.

OGSÅ KLAR: Stian Sjursen Takle gler seg også stort til sendinga på 17. mai.

Foto: PRIVAT

Vil ha tips

Årets 17. mai-feiring blir også spesiell for distriktsredaktør Dyveke Buanes. Vanlegvis samlast storfamilien i Bergen denne dagen, men i år reiser ho og familien til fjells.

– Eg kjem jo frå ein erkebergensk familie som samlast med tradisjonell frukost, synging og alt som høyrer til. Eg er nok ikkje åleine om å tenkje at det kjennest litt rart å ikkje kunne feire saman. Difor er det fint at me kan tilby ei radiosending, som kan gje eit inntrykk av korleis folk har det over heile Vestland, seier ho.

Dyveke Maiken Buanes, NRK

SAMLINGSPUNKT: Redaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland håpar at radiosendinga på 17. mai kan gje eit lite samlingspunkt for dei som ønskjer å ta del i feiringa – på eit litt utradisjonelt vis.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ho håpar radiosendinga kan fungere som eit lite samlingspunkt for folk over heile Vestland. Difor er det også ønskjeleg med tips frå publikum, dersom noko artig skjer denne dagen.

– Me håpar at folk vil ringje inn for å fortelje korleis dei har det og kva dei gjer på, seier Buanes.