Hopp til innhold

Følg kampen Ranheim – Florø her frå kl 18

Etter ein sterk siger mot Mjøndalen førre veke, er gutane frå Florø klare for å klinke til mot Ranheim.

Endre Kupen

JUBEL: Her jublar Endre Kupen i kampen mot Mjøndalen førre veke.

Foto: TRULS KLEIVEN

Laster innhold, vennligst vent..

Florø har hatt ein sesong prega av mykje skader. Men førre veke viste dei kva dei var gode for då dei braut Mjøndalen sigersrekke og vann 4 – 2 på bortebane. Før det hadde ikkje Mjøndalen tapt på heimebane på nesten to år.

– Det var eit sterkt resultat, men også veldig sterkt at vi greidde å komme igjen fleire gonger, seier trenar, Terje Rognsø.

I dag møter dei Ranheim på Extra Arena. Laget ligg på andreplass i tabellen, og har heile 12 poeng meir enn Florø til no. Rognsø håpar dei greier å ta med seg kjensla frå førre siger inn i kampen.

– Det er i utgangspunktet ein kamp vi veit er tøff. Dei er gode på heimebane, så kampen skal vere vanskeleg. Derfor får vi berre klinke til, seier han.

Medan du ventar på kampstart, kan du lese desse sakene:

Laster innhold, vennligst vent..