Hopp til innhold

Følg Florø direkte: No vil trenaren ha spelarane til å tore meir

Sjølv om Florø har berga plassen i 1. divisjon, har spelarane framleis mykje å spele om. For fleire står det om fornya kontrakt.

Terje Rognsø

MÅ ROKKENE: Terje Rognsø har opplevd mykje skadar i spelarstallen også i haust. Det gir fleire av spelarane som er på utgåande kontrakt sjansen til å vise seg fram både for Florø, men også andre klubbar.

Foto: Truls Kleiven

1. divisjonsdebutanten har åtte-ni spelarar som framleis ikkje har sikra seg kontrakt for neste sesong.

Monir Benmoussa og Luc Jeggo

USIKRE: Monir Benmoussa er langtidsskadd og på utgåande kontrakt. Også australiaren Luc Jeggo er på utgåande kontrakt og kan gå vederlagsfritt til andre klubbar.

Foto: Truls Kleiven

Nokre har Florø allereie bestemt seg for å ikkje ta med vidare. Andre igjen har sjølve bestemt at dei går vidare.

– Vi har vel ein to til fire spelarar som vise seg fram siste kampane, seier trenar Terje Rognsø.

Levanger i dag

I helga er det ustabile Levanger som står for tur. Før kampen ligg trønderklubben på plassen over Florø på tabellen, og kan skilte med langt betre statistikk i form av tre sigrar i løpet av dei siste sju kampane. Det har Rognsø merka seg.

Laster innhold, vennligst vent..

På dei to siste kampane har Levanger tapt heime for middelhavsfararane Tromsdalen og slått allereie opprykksklare Bodø/Glimt på bortebane.

– Det er eit veldig sterkt resultat, så det blir nok ein tøff kamp, seier Rognsø.

Vil vinne att

Andre Frøyen Reksten og Daniel Chima Chukwu

TILBAKE: Andre «Super Rex» Reksten er tilbake i startoppstillinga for Florø. – Ja, når Christer Husa og Runar Hove er ute, så er det avgrensa kva moglegheiter vi har, seier trenar Terje Rognsø.

Foto: TRULS KLEIVEN

Florø står på si side med fire tap og tre uavgjort på dei siste sju kampane. Dei siste kampane vil Rognsø bruke på å få viktige svar.

– Fokuset er å utvikle spelet vårt og at vi må tore meir. I det siste har vi slite med å omsette banespel og sjansar til skåringar, og det har vi jobba mykje med, seier han.

Etter ein svikt i forma i haust, er Rognsø lysten på å få skuta på rett kjøl att.

– For klubben sin del handlar det om å få ei bra plassering som mogleg. Det handlar om sjølvkjensla, men også kor mykje plasseringspengar vi får frå Norsk Toppfotball, seier han.

Store endringar i stallen

Christer Husa tok Florø opp i leiinga.

USIKKER: Opprykkshelten frå 2016, Christer Husa (biletet), er mellom dei som kjempar om ny kontrakt. Martin Hollevik, Kaddu Aton, Simen Reksten Solheim har også kontrakt ut sesongen.

Foto: TRULS KLEIVEN

– For enkeltspelarar handlar det om å vise at dei framleis er i utvikling og at dei har det som skal til for å ta nivået. Eit nivå som berre blir tøffare og tøffare. For vi må bli betre om vi skal henge med neste år, legg Rognsø til.

Stallen tel i dag 25 spelarar. Den skal kuttast ned til 20. Der skal klubben ha plass til nye spennande unggutar frå eigne rekkje og i alle fall fire-fem nye namn.

– Vi har ikkje tatt alle konklusjonar, men vi må gjere nokre vurderingar på spelarar som er ute med langtidsskadar. Så vi får sjå kva som skjer, seier han.

«Super Rex» tilbake

Mot Levanger er ikkje Peter Aase og suspenderte Christer Husa med. Luc Jeggo er uviss.

– Laget er usikkert, men det blir nokre rokeringar i forsvaret. Vi får Andre Reksten tilbake. Han har ikkje spelt sidan april, så det er kjekt å sjå han tilbake etter langtidsskade, seier Rognsø.

Kampen mot Levanger kan du også følgje i 4-4-2 Radiosporten.

Laster innhold, vennligst vent..