18.00: Følg Florø direkte: Tre sigrar på rad før ferien, kan dei halda fram i same spor?

FLORØ (NRK): Florø tok tre strake sigrar før dei tok tre veker med ferie, medan Fredrikstad ikkje tapte på sine fire siste. Her kan du følge kampen direkte.

Florø-Sogndal, cupen 2017, Monir Benmoussa scorar 2-1 målet

NY JUBEL?: Monir Benmoussa (nærast kamera) senka gamleklubben Fredrikstad og vart matchvinnar tidlegare i år. Det var også Florø sin første siger nokon gong i førstedivisjon. Her frå utlikningsmålet mot Sogndal i cupen, då Florø til slutt vann 2–1.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE: Tre kjappe scoringa til Florø! Først scora Rashad Muhammed. Luc Jeggo fekk godt treff frå 25 meter, og ballen stussa framfor FFK-keeper Håvar Jenssen som gav retur. Den sett Muhammed enkelt i mål. Så gjekk det om lag eit minutt etter avspark, før Endre Kupen vart spelt gjennom i bakrommet. Aleine med keeper nok ein gong gjorde han ingen feil og auka leiinga til 3–1.

Og Kupen var langt frå ferdig. Fem minutt etter sitt andre for dagen fullførte Kupen sitt hattrick, etter å ha gjort alt sjølv. FFK-forsvararane vart finta til høgre og venstre, men ingen kunne stoppa Kupen som sette inn 4–1.

Måla i første omgang: For eit mål av Endre Kupen. Får ballen feilvendt på 16-meteren med mann i rygg, men vender på ein femøring og lurer vekk heile FFK-forsvaret. Aleine med keeper er han iskald og sende Florø til himmels. 1–0 til heimelaget.

Men gleda vart kortvarig. Fem minutt seinare fekk Filip Westgaard draumetreff frå 20 meter. Ballen gjekk inn heilt oppe i krysset, bak ein sjanselaus Nicklas Frenderup. 1–1, fem minutt før pause.

Tre veker med fotballferie er over, og Florø møter eit annan formlag på heimebane. Florø på si side vann dei tre siste kampane før ferien, og tar ein med 2–1 sigeren mot Sogndal i cupen i mai står dei med fem sigrar på dei seks siste kampane.

Men motstandar har hatt ei liknande sesongutvikling som Florø. Dei starta dårleg og gjekk dei 11 første kampane i sesongen utan siger, men på dei fire siste kampane har dei vunne to og spelt to uavgjort.

Kampen er viktig for begge lag. For heimelaget vil ein siger bety at dei plutseleg er oppe i kampen om kvalifiseringsplassane til opprykk, medan eit tap vil gjera at avstanden ned til Fredrikstad på kvalifiseringsplassen mot nedrykk berre er på tre poeng.

Laga har berre møtt kvarandre ein gong tidlegare i seriespel og det var på Fredrikstad stadion i starten av mai. Ei sein scoring av Monir Benmoussa sikra 2–1 siger til Florø og deira første siger i førstedivisjon nokon gong.

FLORØ (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christopher Lindquist, Runar Hove, Vegard Gjermundstad, Christer Husa – Luc Jeggo, Stefan Aase, Simen Reksten Solheim – Rashad Muhammed, Endre Kupen, Mounir Benmoussa.

FREDRIKSTAD (4–3–3): Håvar Jenssen – Jarkko Lahdenmäki, Filip Westgaard, Shola Akinyemi, Abdul Razak Nuhu – Joona Veteli, Patrik Karoliussen, Håvard Åsheim – Ludvig Begby, Sanel Kapidzic, Ulrik Flo.

Laster innhold, vennligst vent..