Hopp til innhold

Følg Florø direkte frå klokka 15

FLORØ (NRK): Florø har ikkje vunne på to kampar, i ettermiddag møter dei tabelljumbo Arendal heime i Florø.

Florø fotball, supporter banner Stimen

STOR STEMNING: Florø har spelt for så godt som fulle tribunar heile sesongen, men får heimefansen noko å juble for i dag?

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE: 81 minutt: Så skjer det som måtte skje. Arendal fekk frispark på 20 meter og kaptein Jakob Rasmussen banka ballen i det venstre hjørnet for keeper Nicklas Frenderup. 1–0 til bortelaget.

72 minutt: Rasmus Christensen og Arendal var farleg frampå etter eit innlegg frå høgresida gjekk gjennom heile feltet og på bakre kasta Christensen seg inn. Avslutninga var god, men Florø-keeper Nicklas Frenderup klarte å slå ballen i stolpen og ut.

60 minutt: Endre Kupen med eit fantastisk forarbeid. Etter å ha lurt av backen på høgresida kjem han inn i 16-meteren og legg ballen perfekt til Stefan Aase, men avslutninga går himmelhøgt over.

55 minutt: Andre omgang heldt fram i same stil som den først. Ingen av laga har klart å skapa målsjansar dei første ti minutta.

42 minutt: Nære på for Florø. Endre Kupen vart spelt igjennom på ein kontring, og kom aleine med keeper frå skrått hald, men lobben gjekk rett i nevane på keeper.

38 minutt: Lite som har skjedd dei siste minutta. Begge laga er unøyaktige i pasningsspelet og klarar ikkje å skape store sjansar.

13 minutt: Der er det nære på at Arendal går i leiinga etter ein horribel tversoverpasning frå Christopher Lindquist. Ballen hamna rett i beina på Ylldren Ibrahimaj som kom aleine mot Nicklas Frenderup, men danske slo til med ein kjemperedning. Mykje rot frå Florø no, etter ein god start. Heldige som ikkje ligg under.

5 minutt: Ingen store sjansar i opningsminutta, men det er Florø som har ballen mest. Halvor Solheim-Olsen har hatt ein halvsjanse, men vart stoppa før han fekk avslutta.

I dag spelar Florø sin andre heimekamp på rad. Førre helg møtte dei Tromsdalen i ein kamp som enda 1–1 etter ei sin scoring av Endre Kupen.

Florø ligg på femteplass på tabellen i 1. divisjon, ein plass som ved sesongslutt gir playoff om opprykk til eliteserien.

Lagoppstillinga er klar og Florø gjer tre endringar frå laget som spelte 1–1 mot Tromsdalen. Både midtstoppar Runar Hove og midtbanespelar Peter Aase må stå over med karantene, grunna gule kort. I tillegg kjem Oliver Rotihaug inn for Alioune Ndour.

Florø (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christer Husa, Simen Reksten Solheim, Vegard Gjermundstad, Christopher Lindquist – Luc Jeggo, Stefan Aase, Halvor Utkilen Solheim-Olsen – Oliver Rotihaug, Endre Kupen, Monir Benmoussa.

Laster innhold, vennligst vent..