Hopp til innhold

Følg alt som skjer i junior-NM

NRK.no overfører alle øvingane frå junior-NM i skiskyting i Stryn.

Video Junior-NM i skyting 2012

Junior-NM i skyting 2012

Sogn og Fjordane vann stafetten i klassen M17-21 under meisterskapen søndag.

Johannes Thingnes Bø gjekk sisteetappen og kunne motta jubelen då han gjekk i mål. Førstelaget til Sogn og Fjordane gjekk i mål 35,8 sekund føre Oslo og Akershus SSK 1 som tok 2. plassen. Bronsen gjekk til Sør-Trøndelag SSK 1 som var 51 sekund bak vinnaren.

Tidlegare på dagen var det stafett i klassane M 17-18 år og K 17-21 år.

Klasse M 17/18 år blei vunne av Nord-Trøndelag SSK 1. Oppland SSK 1 tok andreplassen, 41, 3 sekund bak vinnarlaget. Oslo og Akershus SSK 1 kom på 3. plass, 1.29,9 bak.

Stafettlaget til Sogn og Fjordane tok 8. plassen. Dei gjekk i mål 3.40,1 bak vinnarlaget.

Kvinnestafetten K17-21 blei vunnen av Oppland SSK1. Nord-Østerdal SSK 1 tok sølvplassen. Dei var berre 1,7 sekund bak vinnaren i mål. Hordaland SSK 1 sikra seg 3. plass, 22,5 sekund bak vinnarlaget.

1. laget til Sogn og Fjordane kom på ein 7. plass. Dei var 2.03,1 bak gullvinnarane.

Stafetten for M 17-21 klokka 13.

Ei rekkje løparar frå Sogn og Fjordane er mellom dei største gullkandidatane.

Du kan følgje all spenninga direkte i nett-TV her på NRK.no.

Her er programmet for junior-NM:

Fredag 9. mars – normaldistanse:

  • Kl 0915 Offisiell opning av arrangementet
  • Kl 0930 Start normal K19, K18, K17, M20/21, M senior, K senior og K20/21
  • Blomsterseremoni K19, K18, K17 og M20/21 fortløpande
  • Kl 1250–1350 Premieutdeling for K/M senior og blomsterseremoni for K20/21
  • Kl 1400 Start normal M19, M18 og M17
  • Blomsterseremoni fortløpande

Laurdag 10. mars – sprint:

  • Kl 1000 Start sprint K19, K18, K17, M20/21, M senior, K senior og K20/21
  • Blomsterseremoni K19, K18, K17 og M20/21 fortløpande
  • Kl 1200–1300 Premieutdeling for K/M senior og blomsterseremoni for K20/21
  • Kl 1315 Start sprint M19, M18 og M17

Søndag 11. mars – stafett:

  • Kl 0815 Start stafett M 17–18
  • Kl 1100 Start stafett K 17–21
  • Kl 1300 Start stafett M 17–21
  • Premieutdeling fortløpande på stadion.