Hopp til innhold

Føler seg truga etter advokatdrap

Tsjetsjenske Visa Kungaev i Florø kjenner seg truga etter drapet på advokaten sin i Moskva.

Visa Kungaev

Telefonen har ikkje stått stille. Fleire media vil snakke med Visa Kungaev

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Stanislav Markelov vart skoten på open gate då han protesterte på at drapsmannen til dottera til Kungaev vart sett fri førre veke.

Saka har skapt stor merksemd både i, og utanfor Russlands grenser. Telefonen til tsjetsjenske Visa Kungaev, som er busett i Florø, har ikkje stått stille.

Fire journalistar har ringt i løpet av ein halv time - og vil vite korleis Kungaev har det no, knapt eit døgn etter at den russiske menneskerettsadvokaten Stanislav Markelov vart drepen på open gate i Moskva.

- Vi er sjokkerte. Heile familien er sjokkert, seier han.

Voldtatt og drepen

For Markelov har vore advokaten til Kungaev i snart ni år. Dei engasjerte han etter at den 18 år gamle dottera hans vart voldtatt og drepen i 2000. I 2003 vart den russiske offiseren Jurij Budanov dømd for drapet.

Elza Kungaev

Elza Kungaev

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I stova til familien Kungaev står bilde av dottera framme.

- Ho var 18 år og fire dagar då Budanov drap henne.

Advokat Markelov vart skoten i går rett etter at han hadde halde ein pressekonferanse der han fordømte at Jurij Budanov var sett fri etter god oppførsel i fengselet.

I tillegg vart ei 25 år gammal kvinneleg journalist drepen av eit skot i hovudet av ein maskert gjerningsmann.

Kungaev er ikkje i tvil om at Budanov står bak drapa.

- Eg er 100 prosent sikker. Det er ingen andre som har gjort det.

Har snakka med politiet

Etter drapa i går kjenner Visa Kungaev seg truga på grunn av sitt engasjement og kjennskap til Merkelov. I dag gjekk han til politiet i Florø for å forklare situasjonen for stasjonssjef Nils Erik Eggen:

- Forbindelsen mellom Kungaev og det som har skjedd i Moskva er jo openberr. Det er klart den er alvorleg. Men kor stor risikoen for han er her i Florø er vanskeleg for meg å vurdere.

Eggen vil ikkje kommentere det ein russisk radiostasjon har meldt i dag - at politiet i Florø vil sette vakter utanfor huset til familien Kungaev for å beskytte dei.

Føler seg tryggast i Norge

Heime i stua til Kungaev er Visa glad for å ha familien i nærleiken. Han blir stadig oppdatert om demonstrasjonar mot heile saka i Tsjetsjenia og Russland.

Kungaev er fortvilt over situasjonen, men seier familien vil kjempe vidare mot han som er dømd for drapet på dottera. Planen er å anke lauslatinga til ein internasjonal domstol. Dei må fortsette å kjempe. Trass alt føler dei seg ganske trygge i Norge.

- I Norge meiner eg at eg og familien min har beskyttelse. I Russland og Tsjetsjenia har vi det ikkje.