– Er ikkje vi verdt noko vi som bur her no?

Utvikarane meiner fylkespolitikarane har vekkprioritert tryggleiken deira. Eitt år etter flaumen er bygdefolket fornøgde med det meste, bortsett frå sine folkevalde.

Bru i Utvik

UTAN FORTAU: Denne førebelse baileybrua skal bli erstatta av ei ny bru utan fortau. Å byggje bru med fortau hadde kosta 6 millionar kroner meir, ifølgje Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fylkesveg 60 gjennom Utvik fekk store skadar under flaumen i juli 2017. To bruer er bygde opp att, planane for den tredje er lagde. Resultatet er langt ifrå godt nok, meiner bygdefolket.

Tanja og Arne Hage

MISNØGDE: I mange år hadde Tanja og Arne Hage brua og Storelva som næraste nabo. Dei reagerer sterkt på at bruene som gjekk med ikkje blir erstatta med betre bruer.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Alle, utan unntak, synest dette er ein skamplett på fylkeskommunen sitt papir, seier leiar Tanja Hage i Utvik vel og utviklingslag.

Ho fortel om sterke, negative reaksjonar då fylkespolitikarane vedtok at brua i sentrum av Utvik skal byggast utan fortau.

– Er ikkje vi verdt noko vi som bur her no? Er ikkje vi verdt eit fortau? Eller ei bru i 2018-standard?

Føler seg nedprioritert

Når dei to øvste bruene no står nybygde, er det knapt for to personbilar å passere kvarandre på bruene. Tanja Hage og familien er nærmaste nabo til den eine.

– Her er ikkje skilt som varslar smal bru ein gong. Det er å køyre, bremse og stoppe. Eigentleg eit forferdeleg kaos. Det er heilt vilt å sjå på, særleg no i sommartrafikken, forklarar Hage.

Noralv Distad

AVVISER: Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Noralv Distad, seier bruene i Utvik måtte konkurrert mot andre prosjekt om dei skulle hatt betre standard.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Noralv Distad (H) som leiar samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune avviser kritikken.

– Eg oppfattar ikkje dette som ei nedprioritering. Det er bygd opp att etter skaden og stettar krava NVE set til framtidig flaumfare. Skulle ein heva standarden måtte det blitt eit nytt prosjekt som måtte konkurrere mot andre prosjekt i fylket.

– Er valet av bruer ei fornuftig løysing?

– Som sagt, vi har bygd opp att etter den skaden som vart gjort. Dette er måten gjer det på i høve dei midlane vi har til rådvelde og skadane som har skjedd, seier Distad.

Provosert

Per Inge Verlo

MEININGSLAUST: Huset til Per Inge Verlo må truleg vike for ny bru over Storelva. Han reagerer på at den ikkje blir trafikksikker også for mjuke trafikantar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Brua som ligg nærast fjorden vil bli større og krevje meir plass for tole framtidige flaumar. Difor må truleg nabohuset til brua rivast. Huseigar, Per Inge Verlo er svært oppgitt over å miste huset sitt utan at det resulterer i ei trafikksikker bru.

– Klart at det er provoserande. Det er meiningslaust å ikkje ta med gong- og sykkelveg og sikre folk og ungar som går langs vegen, seier Verlo.

Både Verlo og Hage seier brua er mykje brukt av gåande, syklande, turistar og barn på veg til skule.

– Vi skjønnar ikkje kvifor dei har vekkprioritert tryggleiken i Utvik, seier Hage.