Hopp til innhold

Følelsesladd farvel med Dance With a Stranger-bassist

– Han var konge på bass. Slik opna presten Dance With a Stranger-bassist Yngve Moe si gravferd då familie og vener tok eit siste farvel torsdag ettermiddag.

Johanneskirken i Bergen var fylt av musikere, familie og venner i sorg da Dance With a Stranger-bassist Yngve Moe (55) ble bisatt i dag.

BERGEN: Dance With a Stranger-bassist Yngve Moe blei gravlagt i Johanneskirken torsdag.

Dance With a Stranger-bassist Yngve Moe

SUPER-BASSIST GRAVLAGT: Yngve Moe døydde 17.april etter to veker i koma. Han blei 55 år gamal.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Prest og god ven av Yngve Moe, Ragnar Tesdal, starta med å ønskja velkomen til "det vanskelege sistesettet".

Deretter fortalde han gravfølgjet kva som skjedde då Moe vart teken av ei bølgje då han var på ferie på Tenerife, og hamna i koma i to veker før han til slutt døydde med familien rundt seg på Haukeland Sjukehus i Bergen.

Aller siste dans

Men det var på mange måtar Moe sjølv som slo an tonen i gravferda. For preludiumet som jazzpianist og organist Carsten Dyngeland spelte i starten, var ein improvisasjon over Moe si eiga basslinje.

Tonane var nemleg henta frå hiten som gjorde Dance With A Stranger berømte i på slutten av 80-talet, nemlig "Everyone needs a friend" med Barbro Husdal på vokal.

Stjernespekka farvel

– Yngve Moe, han var konge på bass, sa presten, og la til at han sjølv var takksam og stolt over å ha spelt med Noregs basskonge, som altså berre blei 56 år gamal.

Gjennom Tesdal takka òg Moe sin sambuar alle dei gode venene som no ber sorga saman med familien.

Far til Moe uttrykte dessutan glede over alt det flotte folk har skrive og uttalt om sonen dei siste vekene sidan dødsfallet.

– En unik norsk bassist

Bandkollega Frode Alnæs tok beskjeden om dødsfallet tungt. Han fortel om Yngve Moe som en fantastisk musiker og god venn. og ein gjennomgående snill og vakker person.

– Han var utrolig snill, og brydde seg om alt og alle. Han har vært en av mine beste venner gjennom 30 år, og han har vært med på nesten alt jeg har gjort, sier Alnæs til NRK.no.

Som musiker var Moe helt unik, og han hadde sin egen signatur som gjorde låtene han lagde bedre.

– Han hadde veldig mye tilstedeværelse som musiker, og han har jo også laget en av Norges mest kjente basslinjer i «Everyone needs a friend», sier han.

Bandkollega Frode Alnæ framførte tekstlesing i gravferda. I tillegg spelte dei gjenverande bandmedlemmene i Dance With A Stranger låta "Only love" før jordfestinga.

Dance With a Stranger

DANCE WITH A STRANGER: Heile bandet samla 20 år etter gjennombrotet.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix