Fødselsnummer på avvegar - igjen

Nok ein gong legg kommunar i fylket ut personnummer på internett.

Frå postlista til Gloppen kommune

ULOVLEG: Eid kommune legg nok ein gong ut ulovlege opplysningar på internett.

Kjell Magne Åshammar

BEKLAGAR: Fungerande ordførar i Eid, Kjell Magne Åshammar, beklagar igjen.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Personar frå Eid og Bremanger ligg ute med fulle fødselsnummer på nettsidene til kommunane.

Dette skjer berre få veker etter at fungerande ordførar i Eid, Kjell Magne Åshammar, lova å rydde opp i rutinane.

No risikerer kommunen å bli meld til politiet.

Beklagar, igjen

– Det er berre å beklage. Her har det skjedd ein feil igjen. Eg sa vel sist at dette skal ikkje skje, og det gjentek eg. Dette skal ikkje skje, seier Åshammar til NRK.no.

Trass i at NRK har sett søkelyset på dette fleire gongar dei siste åra, fortsett kommunane å bryte lova.

For tre veker sidan fekk 30 personar fødselsnummeret sitt lagt ut på nettet i den offentlege postjournalen til Eid kommune.

– Har kommunen rett og slett ikkje greie på korleis rutinane fungerer?

– Det er vanskeleg å lage seg rutinar på kva dokument som er farlege å legge ut, svarar Åshammar.

(Artikkelen held fram under tv-saka)

Video Legg ut sensitiv informasjon på nettet

SJÅ TV-SAK: Frå NRK Vestlandsrevyen i november 2010.

Vurderer politimelding

Ole Martin Rotihaug sitt personnummer er eitt av dei som alle kan sjå på den kommunale postlista. Han er så oppbrakt at han vurderer å melde kommunen til politiet.

120 000 nordmenn har dei siste to åra har blitt frostolne identiteten sin. Ifølgje Datatilsynet er det også ulovleg å leggje ut slike opplysningar, og i verste fall kan kommunen komme i erstatningsansvar.

– Eg vil ikkje seie at innbyggjarane i Eid har ekstra grunn til bekymring. Vi skal bli betre, seier Åshammar.

Misbruk etter ein time

Dei fem enkle tala i personnummeret vårt er like unikt som vårt eige fingeravtrykk og bør ikkje hamne på andre sine hender, ifølgje sikkerheitskoordinator Per Øyvind Thorsheim.

– Det er saker der opplysningar blir stolne og misbrukte ein time eller to etterpå, seier Thorsheim.

Politimelding

POLITIMELDING: Gloppen kommune la ut denne politimeldinga på postlista i november 2010.