Fødestova under lupa

- Dramatisk dersom ho blir lagd ned, seier Bente Øien Hauge.

Lærdal sjukehus
Foto: NRK

Helse- og omsorgsdepartementet set fødetilbodet i Lærdal under lupa etter fleire bekymringsmeldingar. Statssekertær Rigmor Aasrud seier meldingane frå spesielt Nasjonalt råd for fødselsomsorg har vore urovekkjande.

Føresetnader endra

- Nå vi får slike meldingar er det rett å be om ei utgreiing og vurdering av fødetilbodet i indre Sogn, seier Aasrud.

Det er i eit brev til Helse Vest at Helse- og omsorgsdepartementet ber om ei utgreiing av fødetilbodet i indre Sogn. Det blir bede om at utgreiinga frå Helse Vest må innehalde både korleis tilbodet i sjølve Lærdal fungerer, og korleis samarbeidet mellom dei ulike fødeinstituasjonane i området verkar. Aasrud seier det er heilt avgjerande for regjeringa at fødande kvinner får eit absolutt beste tilbod.

Allereie i 2003 vart det vurdert å leggje ned fødstova i Lærdal, men det vart ikkje vedteke fordi ein ønska eit gografisk nært fødetilbod til kvinnene i indre Sogn. I utgreiinga frå Helse Vest blir det lagt vekt på at fleire av føresetnadene frå vedtaket i 2003 no er endra. Det blir mellom anna fokusert på at det samle fødselstalet i fylket er mindre og at det er færre gyneklogiske opperasjonar.

307 fødslar

I utgreiinga går det vidare fram at det var 307 fødslar i indre Sogn i fjor, og at berre 27 prosent av desse skjedde ved avdelinga i Lærdal. 30 prosent av dei som kunne fødd i Lærdal valde faktisk å føde anten på Voss eller i Førde. Aasrund er overraska over at ein så stor del vel vekk fødetilodet i Lærdal.

I rapporten frå Helse Vest blir det sett på fordelar og ulemper ved ulike modellar for fødetilbodet i indre Sogn. Dei vurderer oppgradering til fødeavdeling, forsterka fødestove som i dag, reduksjon til jordmorsstyrt fødestove og nedlegging av heile fødetilbodet.

Dramtatisk

Bente Øyen Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus meiner kvinnene i Indre Sogn langt på veg er ført bak lyset av Nasjonalt råd for Fødselsomsorg sidan berre om lag ein av fire kvinner i indre Sogn føder i Lærdal. Ho meiner det er dramatisk dersom tilbodet forsvinn.

- Det har vore fleire eksempel på at fødande kunne fått alvorlege problem dersom ikkje dei hadde hatt det tilbodet dei har i Lærdal, seier ho.