Hopp til innhold

Fødestova i Lærdal er freda

Helse Førde får ikkje lov å legge ned fødetilbodet i Lærdal.

Lærdal sjukehus
Foto: NRK

Det skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ein e-post til NRK.

Helse Førde går mot eit underskot på omlag 90 millionar kroner, og NRK veit at enkelte styremedlemer vil fjerne fødetilbodet i Indre Sogn.

– Bra av departementet

Bente Øien Hauge
Foto: Privat

Leiar Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus er nøgd med beskjeden frå departementet.

– Når situasjonen har oppstått, at det blir arbeidd i styret for eit slikt vedtak, så er det veldig bra at departementet er klinkande klare og held til det som faktisk er gjeldande politikk.

Sjølv om enkelte styremedlemmer i Helse Førde vil, får styret ikkje lov av departementet å legge ned den forsterka fødestova i indre Sogn.

Arbeider med kuttiltak

Helse Førde er i ferd med å gå med 90 millionar kroner i underskot og har oppretta ei eiga gruppe som skal jobbe med kuttiltak. Men sjølv om dei kunne spart over 12 millionar ved å legge ned den forsterka fødestova i Lærdal, opplyser departementet i ein e-post til NRK at det ikkje er aktuelt.

"Dette innebærer at styret i Helse Førde ikke kan fatte vedtak om nedleggelse av fødestuen i Lærdal på det nåværende tidspunkt."

Helseministeren sa i vår at alle fødetilbod i landet er freda inntil dei regionale helseføretaka har laga langsiktige planar for fødetilboda.

– Grei reaksjon

Denne planen skal Helse Vest ha klar før 1. juli neste år, og inntil då må Helse Førde kutte andre stader. Det tek nestleiar i Helse Førde styret Jorunn Ringstad til etteretning.

– Det er ein grei reaksjon frå Helsedepartementet, og det ligg heller ikkje føre planar om å legge ned i Lærdal.

– Vil vinne kampen

Neste år vil altså verte eit avgjerande år for fødetilbodet ved lokalsjukehusa. Men Bente Øien Hauge trur folk i Indre Sogn vil vinne kampen om fødestova.

– Det som eg synest er positivt er at Helse Vest no utarbeider den regionale fødeplanen i samarbeid med kommunane. Dersom kommunane skal ha reell påverknad så er eg nokså trygg på at vi får behalde fødetilbodet.