Hopp til innhold

Føde anten i Eid eller Volda

Både på Nordfjordeid og i Volda er fødetilboda truga av nedlegging. No seier Helse Vest at det må vere fødetilbod på minst ein av stadane.

Nordfjord Sjukehus

Helse Vest seier det i framtida bør vere fødetilbod anten på Nordfjordeid eller i Volda. Begge stader er fødetilboda truga av nedlegging.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lenge har det vore kamp om å få behalde fødetilboda, både ved sjukehuset på Nordfjordeid og ved sjukehuset i Volda i nabofylket.

- Uaktuelt å leggje ned begge plassar

Etter å ha vore i tett dialog med Helse Midt, seier Helse Vest at det er uaktuelt å leggje ned fødetilboda begge plassar.

- Eg ser det som vanskeleg at det ikkje skal vere eit fødetilbod i området mellom Førde og Ålesund, det seier administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest.

Tett dialog mellom helseføretaka

Både Helse Vest og Helse Midt skal snart leggje fram forslaga sine i samband med det framtidige føde- og barseltilbodet i Norge.

I den samanheng har det den siste tida vore tett dialog om korleis ein skal organisere fødetilbodet i Nordfjord og på søre Sunnmøre.

Herlof Nilssen

Herlof Nilssen i Helse Vest seier han vanskeleg kan sjå at både fødetilboda i Nordfjord og i Volda vert nedlagt.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Framtidige krav til mellom anna fleire gynekologar på jobb og behov for innsparingar, gjer at det har vore spekulert i om fødetilboda både i Volda og Nordfjord vert nedlagt. Men dette avviser Nilssen.

- Det er eit betydeleg tall fødslar i dette området, mellom 650 og 700 stykk totalt. Eg trur difor vi må planlegge og leggje til rette for at det er minst eitt fødetilbod i området, seier Nilssen.

I Sogn og Fjordane er fødetilboda truga ved begge lokalsjukehusa, i tillegg til sjukehuset på Eid vert det også kjempa for å behalde fødetilbodet ved sjukehuset i Lærdal i Sogn.

- Volda har kapasitet til å ta over

Volda sjukehus

Ved Volda sjukehus har dei kapasitet til å ta over fødslane frå Nordfjord-kommunane, seier styreleiar i Helse Sunnmøre, Marthe Styve Holte.

Foto: Helse Sunnmøre

Styreleiar i Helse Sunnmøre, Marthe Styve Holte, ønskjer ikkje å bidra til at fødetilbodet i Nordfjord forsvinn.

Men ho viser til at dersom sjukehuset på Eid vert nedlagt, så har sjukehuset i Volda kapasitet til å overta alle dei om lag 250 årlege fødslane som skjer her kvart år.

- Det er utgreidd at sjukehuset i Volda har kapasitet til å ta vare på fødslane som i dag skjer på Nordfjord sjukehus, seier Styve Holte til NRK.

- Målet er eit godt tilbod i heile området

Nilssen ønskjer ikkje å utdjupe om han vil ha ei fullverdig fødeavdeling i Volda eller Eid, eller om ei fødestove er nok til å dekkje behovet.

Fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem, fortel at målet er å skape eit best mogleg tilbod til dei fødande, uavhengig om dei må føde i Volda eller på Nordfjordeid.

- For brukarane er det ikkje veldig interessant kor det går ei grense. Vi må få til ei løysing som er best mogleg for heile dette området, seier Schem.