Hopp til innhold

Fødde på parkeringsplassen

Merethe og Atle Vedvik frå Eid fødde i bilen rett utanfor Nordfjord sjukehus - berre to minuttar frå fødeavdelinga.

Merethe og Atle Vedvik

EKSPRESSFØDSEL I BIL: Merethe og Atle Vedvik nådde ikkje fram til Nordfjord sjukehus i tide.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

- Det var heilt uverkeleg, seier Merethe Vedvik, mor til babyen som kom til verda i ekspressfart natt til måndag.

Vedvik og mannen bur berre to minuttar frå Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, men nådde likevel ikkje kome seg inn på fødeavdelinga før fødselen var over, skriv Fjordabladet.

Trudde dei hadde god tid

Den dramatiske fødselshistoria starta i to-tida natt til måndag. Då vakna Merethe Vedvik fordi ho hadde ilt i magen. Ho venta eit kvarter for å sjå om smertene gjekk over. Det gjorde dei ikkje, og Vedvik måtte vekkje mannen Atle for å kome seg på sjukehuset.

Atle Vedvik med born

TOBARNSPAPPA: Atle Vedvik med dottera Solveig Helene og den nyfødde sonen.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

Dei pakka, ordna med barnevakt til den 20 månader gamle dottera Solveig Helene, og trudde at dei hadde god tid. Då Solveig Helene kom til verda, tok fødselen lang tid og måtte til slutt bli sett i gang.

Jordmora kom springande

- Eg forstod ikkje at det hasta før vatnet gjekk då Merethe gjekk ned trappa, fortel Atle Vedvik.

Då var det berre å kome seg i bilen og køyre over dei sju fartshumpane ned til sjukehuset. I Mehlvegen kom pressriene, og i svingen før sjukehuset ringde dei til fødeavdelinga og bad dei om å halde seg klare.

Då Atle Vedvik stoppa bilen ved inngangen til sjukehuset, var hovudet allereie ute og jordmora kom springande til for å hjelpe.

LES OGSÅ: Stadig fleire når ikkje fram til sjukehuset i tide

- Ta vekk barnesetet!

Atle fekk beskjed om å ta ut barnesetet frå baksetet for å få lagt ned passasjersetet, men før han kom seg rundt bilen, høyrde han barneskrik frå framsetet.

Han hadde blitt far til ein frisk gut som vog 3655 gram og var 51 cm lang. Då hadde det gått ein time sidan Merethe Vedvik vakna av magesmertene.

- Eg blei så glad og lukkeleg då eg såg jordmora kome springande. Vi var heldige, seier den lukkelege mora.

Mista nesten fatninga

Merethe og Atle Vedvik

TAKKNEMLEGE: Merethe og Atle Vedvik prisar seg lukkelege for at sjukehuset var så nært.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

Atle Vedvik er vanlegvis ein sindig kar, men vedgår at han heldt på å miste fatninga då det var som mest hektisk.

- Eg trudde nesten ikkje mine eigne øyro då eg høyrde barneskrik, fortel den ferske tobarnsfaren.

Vedvik hadde aldri trudd at han som bur så nær Nordfjord sjukehus, skulle oppleve fødsel i ein bil.

- Eg er veldig takknemleg for at sjukehuset var så nært, seier han.