FNB-toppen om Alver-utmeldinga: – Skammeleg

ALVER (NRK): Lokallaget har meldt seg ut og langar ut mot det dei meiner er mannsdominans, dårleg partikultur og leiarstil i Vestland FNB. – Skammeleg å svikte veljarane slik, svarar FNB-leiar Frode Myrhol.

Frode Myrhol

REAGERER: Leiar i FNB, Frode Myrhol, har lite til overs for oppførselen til Alver FNB. Lokallaget melde seg ut av bompengepartiet onsdag.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Berre dagar før Folkeaksjonen Nei til meir bompengar samlar seg landsmøtet på Gardermoen i helga, er det uro i fleire lokallag.

Onsdag kveld meldte FNB i Alver seg ut av partiet og starta det nye «Folkepartiet». For nokre veker sidan la også lokallaget til FNB i Drammen inn årene, får NRK opplyst.

Torsdag går lokalleiar Morten Klementsen i Alver ut mot det han meiner er fleire kritikkverdige forhold i bompengepartiet.

Han seier mannsdominert kultur, ovanfrå og ned-snakk og dårleg leiarstil som viktige årsaker til at han og fleire andre har fått nok.

FNB-leiar Frode Myrhol svarar at det er uheldig og overraskande at lokallaget i Nordhordland, som fekk over 20 prosent av røystene i Alver, melder seg ut.

Han snakka med Klementsen på telefon sist veke og då var ikkje utmelding eit tema.

– Det å svikte veljarane på denne måten. Eg vil seie at det er skammeleg av lokallaget i Alver, seier Myrhol til NRK.

GÅR STERKT UT: Morten Klementsen, tidlegare gruppeleiar for FNB i Alver kommune.

GÅR STERKT UT: Morten Klementsen, tidlegare gruppeleiar for FNB i Alver kommune.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Fire kvinner har meldt seg ut

I lokallaget er dei misnøgde med behandlinga deira kvinnelege representantar har fått internt i fylkesstyret i Vestland FNB.

Til NRK opplyser Klementsen at fire kvinner no har meldt seg ut. Klementsen meiner dei blir behandla slik:

– Det skjer i møter at ein blir neglisjert for det ein meiner. Ein blir ledd ut, får høyre at det ikkje er slik det er, «det er ikkje det vi snakkar om no» – typisk ovanfrå og ned-snakk. Ein møtast ikkje på same halvdel. «Dette har du ikkje nokon peiling på», seier han.

NRK har vore i kontakt med fleire av dei som no har meldt seg ut. Ikkje alle ynskjer å uttale seg i saka.

Ei vil vera anonym, men bekreftar at leiarstil og ovanfrå og ned-snakk var viktige grunnar til at ho melde seg ut.

Til åtak

Vidare går Klementsen til frontalåtak på leiinga i fylkesstyret i Vestland FNB.

Her er Einar Hadler Jacobsen leiar, medan Trym Aafløy (leiar for Bergen FNB) er nestleiar.

– Det er Trym som snakkar 80 prosent av tida på inn- og utpust. Andre får ikkje sleppe til. Det er ansvaret til ein leiar å be folk vente til det er deira tur og så vidare.

Klementsen seier det er mangel på kursing og organisasjonsbygging i heile det relativt ferske partiet. I fylkeslaget meiner han at Aafløy har vore ein «ein destruktiv mann» når det gjeld organisasjonsbygging i fylkeslaget, noko som skal ha ført til «store problem» i Alver-laget.

– Dei har ikkje sendt inn endringar til Brønnøysundregistera. Organisasjonsmessig har eg ikkje sett maken. Det er ein total mangel på sunn organisering. I tillegg er det ein total mangel på respekt for eigne vedtekter, og partiet blir bygd ovanfrå og ned, seier Klementsen.

Trym Aafløy i Vestland fylkesting

AVVISER PÅSTANDAR: Trym Aafløy, leiar for Bergen FNB, i Vestland fylkesting. Til NRK omtalar han utsegne frå Morten Klementsen som løgner.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meiner vedtektene er brotne

Nina Almeland er ei av kvinnene som nettopp har meldt seg ut. Ho sat i nominasjonskomiteen som skal lage ei valliste til stortingsvalet neste år for FNB i Hordaland.

Almeland seier ho der har følt seg overkøyrd i ein tvist om vedtektene. Ho viser til deira eigne vedtekter om at medlemar av valkomiteen er inhabile når dei blir foreslått som kandidatar til stortingslista.

Også BA har omtala denne konflikten. Ifølge ein intern e-post stod tre personar i komiteen som skal lage lista, på sjølve forslagslista. Aafløy skal vera ein av dei tre.

– Eg reagerer på prosessen og det å sitte på begge sider i bordet. Vera nominert og så sitte å behandle nominasjonslistene.

Nina Almeland, tidlegare medlem av FNB. Konstituert styremedlem i FNB Alver

MELDTE SEG UT: Nina Almeland, tidlegare medlem av og konstituert styremedlem i FNB Alver.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Aafløy: – Løgner

NRK har snakka med både Trym Aafløy og Einar Hadler Jacobsen om skuldingane mot dei.

Aafløy avviser dei på det sterkaste og kallar det løgner.

Han seier partiet gjer alle vedtak etter boka. Han vil ikkje la seg intervjue av NRK fordi han ikkje vil delta i «ein skittkasting mellom politiske rivalar».

– Den einaste kommentaren eg har er at eg tek avstand frå alt som kjem frå Klementsen og kretsen rundt. Dette er ytringar frå ein sint og fornærma person som ville ha makta i FNB, men som ikkje fekk det.

Einar Hadler Jacobsen vil ikkje kommentere utsegnene til Klementsen og seier at Vestland FNB no ser fram til landsmøtet i helga og har alt fokus på det.

Det er ikkje første gang Aafløy får kritikk for stilen sin. Tidlegare i haust gjekk fleire til åtak på han i eit møte i fylkestingsgruppa, ifølgje BA.

I tillegg trakk den kvinnelege organisatoriske nestleiaren seg «på grunn av manglande folkeskikk og ukollegial åtferd».

– Uprofesjonelt

FNB-leiar Frode Myrhol seier til NRK at han har vore klar over misnøya til fleire i Vestland FNB.

Han seier dei har fått fleire førespurnader om uro og at dei er behandla. Han vil ikkje svare på om dette har vore behandla som varslar.

– Vi har sett på alvorsgraden av meldingane som er komne inn og noko har vorte tatt opp, seier Myrhol, som heller ikkje vil utdjupa kven han har tatt opp meldingane med.

Men han legg til at uroa og misnøya har fleire sider. Han kallar oppførselen til Alver FNB for uprofesjonell, sidan partiet sentralt ikkje fekk noko beskjed om utmeldinga før det kom pressemelding.

– Det er vel gjerne lokallaget i Alver som har vore ein del av utfordringane også. Å skulde på alle andre er også ein måte å sjå ting på, avsluttar Myrhol.

Landsmøtet til FNB skjer på Gardermoen i helga. Fleire i FNB seier til NRK torsdag at møtet kan bli lukka for pressen.